No blir det enklare for straumkundane å orientere seg

Frå 1. november innførast nye og strengare reglar for marknadsføring av straumavtalar. Endringane skal gjere det enklare for forbrukarane å orientere seg i straummarknaden.

– Forbrukarane skal ha best mogleg oversikt over pris og vilkår i si eiga straumavtale og dei andre avtalane straumselskapa tilbyr. På denne måten kan dei samanlikne ulike avtalar og finne den beste. Det er viktig å ha ein straummarknad med effektiv konkurranse som kjem forbrukarane til gode. Derfor ryddar vi no opp, seier forbrukarminister Kjersti Toppe (Sp).

Nye krav til straumselskapa

Barne- og familiedepartementet fastset no fleire endringar i regelverket for marknadsføring av straumavtalar. Dei viktigaste endringane i er:

  • skjerpa krav til opplysningar om pris, varigheit og avtaletype som straumselskapa skal gi ved marknadsføring. Dette skal gjere det lettare å forstå kva ein kjøpar.
  • plikt til å vise til Forbrukarrådet si straumprisportal, strompris.no. Der kan forbrukarane samanlikne dei ulike straumavtalane.
  • plikt for straumselskapa til å offentleggjere prislister for alle avtaletypane, også dei som ikkje lenger blir tilbydde, men som nokon framleis nyttar. Føremålet er at alle enkelt skal kunne finne si eiga avtale når dei skal samanlikne pris og vilkår.
  • doble varslingsfrista som bransjen må halde før dei endrar pris eller andre avtalevilkår. Dette skal gje forbrukarane betre tid til å områ seg når straumselskapa gjer endringar i avtalen. Den nye varslingstida blir på 30 dagar.

Straumfakturaen skal bli meir oversiktleg

Samstundes fastsetter Olje- og energidepartementet nye krav til opplysningar som forbrukarane skal få på straumfakturaen. Fakturaen skal vere oversiktleg og lett å forstå for forbrukaren. Den skal mellom anna ha eigne varelinjer for alle priselementane, til dømes påslag og tilleggstenester.

– Det må bli enklare for kundane å orientere seg i sluttbrukarmarknaden for straum.

Endringane vi no vedtar er eitt grep for å oppnå dette. Målet er å bidra til at forbrukarane får meir informasjon og at informasjonen dei får ved marknadsføring og på faktura skal samsvare betre, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Straumfakturaen skal òg innehalde namnet på avtalen, varigheit på avtalen og varslingsrutinar ved endringar i avtalen. Dersom avtalen inneheld ein prisgaranti, skal prisgarantiens varigheit stå tydeleg på fakturaen.

Dei nye endringane gjeld frå 1. november, og det er Forbrukartilsynet og Reguleringsmyndigheita for energi som vil handheva reglane. Forbrukartilsynet vil òg rettleie næringsdrivande om dei nye krava i prisopplysingsforskrifta. Tilsynet prioriterer arbeidet med straummarknaden for å gjere marknaden mest mogleg forbrukarvenleg.