Fosterforeldre får klagerett

No får fosterforeldre klagerett på rammevilkåra for fosterheimsoppdraget. Det betyr at vedtak som barnevernstenesta fattar om til dømes storleiken på den økonomiske godtgjeringa og omfanget av avlasting kan klagast på til statsforvaltar.

– At fosterforeldre no får klagerett på rammevilkåra for fosterheimsoppdraget er viktig, og noko mange fosterforeldre har kjempa lenge for. Eg er derfor glad for at dette no blir ein realitet. Ein slik klagerett vil bidra til meir føreseielegheit for fosterforeldre, og gi gode rammevilkår for dei som vel å ta på seg eit fosterheimsoppdrag. Det er avgjerande for å unngå brot og flyttingar som ikkje er til barnets beste, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Endringa kjem etter at Barne- og familiedepartementet har gjort ei ny juridisk vurdering av fosterheimsavtalen. Dette er ein avtale som blir inngått mellom fosterforeldre og barnevernstenesta når eit barn flytter inn i ein fosterheim.

Avtalen fastset mellom anna storleiken på den økonomiske godtgjeringa og omfang og innhaldet i barnevernstenesta si oppfølging, som til dømes rettleiing, avlasting og frikjøp.

Departementet har no komme fram til at avgjerder om økonomisk godtgjering til fosterforeldre, samt avgjerder om omfang og innhald i oppfølginga dei mottek frå barnevernstenestene, er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Det betyr at fosterforeldre no får klagerett på desse områda, og at vedtak som barnevernstenesta fattar om rammevilkåra – til dømes omfanget av avlasting – kan klagast på til statsforvaltar.

Positiv effekt på rekruttering av nye fosterheimar

– I dag er det stor mangel på fosterheim og alvorlege rekrutteringsutfordringar. Noko av det fosterheimane sjølv peiker på er uvisse knytt til rammevilkåra. Ein klagerett vil ikkje berre bidra til meir føreseielegheit for fosterforeldre – det vil òg redusere utilsikta forskjellar mellom fosterheimar. Det kan ha ein positiv effekt på rekrutteringa av nye fosterheimar, seier Toppe.

Det er ei prioritert oppgåve for regjeringa å sikre betre rekruttering av fosterheimar. Rekruttering av fosterheim heng nært saman med tilstrekkeleg og riktig oppfølging, og føreseielege økonomiske rammevilkår.

Regjeringa har satt i gang eit større arbeid på fosterheimsområdet, og arbeider med ei eiga fosterheimsmelding som kjem i løpet av 2024.

– I den varsla fosterheimsmeldinga vil vi mellom anna sjå på dei økonomiske rammene for fosterfamiliar, som pensjon, godtgjering og oppfølging. Saman med endringa som nå kjem, vil dette bidra til å betre rammevilkåra, og gjere det tryggare og meir føreseieleg å vere fosterfamilie. Det er noko av det viktigaste vi kan gjere for å betre rekrutteringa av fosterheim, seier Toppe.

Viktig for rettstryggleiken

– I sum er denne endringa, der fosterforeldre no får anledning til å klage på rammevilkåra for fosterheimsoppdraget til ein overordna instans, viktig for rettstryggleiken. Eg veit at mange kommunar gjer gode vurderingar i dag, og har eit godt samarbeid med fosterheimane. Men i dei sakene kor kommunen og fosterheimen ikkje er samde eller kommunen ikkje har gjort gode nok vurderingar, vil ein klagerett kunne føre til at rammevilkåra blir lagt på eit riktig nivå. På den måten vil den vere ein ekstra tryggleik, seier Toppe.

Barne- og familiedepartementet har utarbeidd eit informasjonsskriv til alle kommunar og statsforvaltarar om saka. Sjå informasjonsskrivet her.