No trer openheitslova i kraft

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Den 1. juli trer openheitslova i kraft. Med lova får verksemder plikt til å utføre aktsemdsvurderingar for å stanse, førebygge og begrense negative konsekvensar på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

– Dette er ei lov som har vore etterspurd av mange. Lova er ein viktig milepæl i arbeidet med å sikre at produkt og tenester som blir selde i den norske marknaden er produsert under anstendige arbeidsforhold og i tråd med grunnleggjande menneskerettar, seier forbrukarminister Kjersti Toppe (Sp).

Oppslutninga om openheitslova er stor i Noreg. Både næringsliv og organisasjonar har etterlyst tydeleg regelverk på dette området. Det er ei styrke når lova no blir sett ut i livet. 

– Anstendige arbeidsforhold og menneskerettar gjeld ikkje berre i Noreg. Det skal gjelde overalt der ein driv sal eller produksjon. Openheitslova vil bidra til berekraftig verdiskaping, og sørge for at det lønner seg å drive skikkeleg. Derfor er ho òg svært positiv for norsk næringsliv, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Openheitslova krev at verksemder gjer aktsemdsvurderingar knytt til grunnleggjande menneskerettar og arbeidstilhøve, gjer greie for vurderingane offentleg og svarer på informasjonskrav frå allmenta. Han vil anslagsvis omfatte 9000 selskap, og er ei av dei mest offensive lovene i verda om menneskerettsansvaret til næringslivet.

– Med den nye openheitslova vil forbrukarane kunne stille spørsmål og ha rett på svar. Alle kan no spørje om korleis det står til der varer blir produsert og om menneskerettane er ivaretekne. Eg forventar at verksemdene følger opp denne plikta på ei god måte. Det ligg i namnet til lova at vi no ønskjer mest mogeleg openheit frå verksemdene kring desse forholda, seier Toppe.

Lova gjeld for «større verksemder» som høyrer heime i Noreg, og som tilbyr varer og tenester i eller utanfor Noreg. Lova gjeld òg for større utanlandske verksemder som tilbyr varer og tenester i Noreg, og som er skattepliktige til Noreg etter norsk intern lovgiving.

Med «større verksemder» menes

  • verksemder som blir omfatta av rekneskapslova § 1–5
  • eller som på balansedagen overskrid grensa for to av følgjande tre vilkår: 1. salsinntekt: 70 millionar kroner, 2. balansesum: 35 millionar kroner, 3. gjennomsnittleg antall tilsette i rekneskapsåret: 50 årsverk.

Forbrukartilsynet har fått oppgåva med å rettleie dei næringsdrivande og føre tilsyn med openheitslova. Tilsynet har oppretta ein eigen seksjon for rettleiing og tilsyn med lova, og arbeider kontinuerleg med å gi god rettleiing til verksemder. Tilsynet har fått løyva 10 millionar kroner for arbeidet med rettleiing og tilsyn med openheitslova frå og med 2022.