Historisk arkiv

Noreg og Færøyane einige om fiskeriavtale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg og Færøyane vart einige om ein bilateral avtale om kvotebyte for 2018.

- Kvotane som vi byttar til oss med Færøyane er viktig for norske fiskarar. Eg synest det er bra at vi har fått på plass ein avtale som gir norske fiskarar kvoter og adgang i færøysk sone også i 2018, seier fiskeriminister Per Sandberg. 

Fiskeriavtalen gir norske fiskarar ein kvote på 2 200 tonn lange/blålange, 1 801 tonn brosme, 150 tonn sei og 800 tonn andre artar som bifangst. Noreg har også fått ein makrellkvote på 5 979 tonn. Denne kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn. Samtidig får Færøyane ein kvote på 4 610 tonn torsk, 1 075 tonn hyse, 500 tonn sei og 200 tonn andre artar som bifangst i norsk økonomisk sone. 

I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 3 755 tonn torsk og 325 tonn hyse, som dei har fått gjennom byteavtalen sin med Russland, medan norske fartøy kan fiske opp til 32 640 tonn av den norske kolmulekvoten for 2018 i færøyske farvatn.

Protokoll fra drøftelser mellom færøyske og norske myndigheter 4. desember 2017 om gjensidige fiskerettigheter i 2018