Noreg opnar ambassadekontor i Moldova

Noreg styrkjer nærværet i Moldova med eit ambassadekontor i hovudstaden Chișinău.

– Tryggingssituasjonen i Europa gjer at vi må flytte blikket og omdisponere ressursane våre. Det siste året har vi sendt fleire norske diplomatar til mellom anna Kyiv, Bucureşti og Vilnius. No opnar vi for første gong ein norsk utanriksstasjon i Moldova, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Moldova blir òg ramma av Russlands angrepskrig mot Ukraina.  Svært mange flyktningar har komme over grensa frå Ukraina. Etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina har Noreg derfor auka støtta til Moldova betydeleg.

I 2023 fekk Moldova over 500 millionar kroner i norsk hjelp. I tillegg har Noreg gitt til 420 millionar kroner til humanitært arbeid i Moldova sidan Russlands fullskalainvasjon av Ukraina i 2022. Moldova vil få stor støtte frå Noreg òg i 2024. Det norske Nansen-programmet for Ukraina opnar òg for bistand til Moldova. Det nye ambassadekontoret vil bidra til god oppfølging av denne støtta.  

Norsk støtte hjelper den moldovske staten til å handtere krisa. Vi støttar opp om demokratiske reformer og Moldovas ambisjonar om tettare samarbeid med resten av Europa. Hjelpa frå Noreg har mellom anna betalt lønningar for offentleg tilsette i Moldova, og hjelpt til med innkjøp av gass før vinteren. 

– Etableringa av eit ambassadekontor er eit tydeleg signal om vår støtte i ei avgjerande tid for Moldova og for Europa. Russlands krig mot Ukraina truar tryggleiken i heile Europa. Det er ingen teikn på at krigen vil vere over snart. Både Ukraina og Moldova vil trenge vår hjelp i fleire år framover, seier utanriksminister Eide.

Fakta om utanrikstenesta

Utanrikstenesta består av i overkant 810 tilsette i Utanriksdepartementet i Oslo i tillegg til 610 utsende diplomatar og rundt 1 100 lokalt tilsette ved over 90 utanriksstasjonar. 

Eit ambassadekontor er formelt underlagt ambassadøren ved ein norsk ambassade i eit anna land. Ambassadekontoret i Chișinău vil vere tilknytt den norske ambassaden i Romania.