Noreg på europatoppen i forskingspengar frå EU

Norske forskings- og innovasjonsmiljø held fram med å hente heim store summar frå EU sitt forskings- og innovasjonsprogram, Horisont Europa. Det siste året har norske aktørar konkurrert seg til nær 6 milliardar kroner. Dette er godt over målet regjeringa har satt seg.

– Norske forskarar markerer seg i europatoppen. Konkurransen er hard og då er det ekstra gledeleg å sjå at Noreg lukkast så godt i verdas største forskings- og innovasjonsprogram. Det vitnar om høg kvalitet på forskinga, og eg er utruleg stolt over innsatsen frå dei norske miljøa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Meir enn ti milliardar kroner til no

Horisont Europa har eit budsjett på rundt éin billion norske kroner i perioden 2021–2027. Ambisjonen er at norske deltakarar skal hente heim 2,8 prosent av pengane som vert lyste ut. Dei siste resultata ligg på 3,23 prosent.

Hittil har norske miljø konkurrert seg til rundt 10,6 milliardar kroner frå Horisont Europa. I tillegg tek norske aktørar i aukande grad på seg leiarrolla i prosjekta.

Forskingsinstitutta på topp

Institutta held fram suksessen. Institutta er flinke til å ta med seg andre aktørar i søknadane, spesielt næringslivet. Dette har mykje å seie for suksessen som Noreg har oppnådd så langt. SINTEF åleine har henta heim nær 1,5 milliardar kroner dei siste åra.

– Det er utruleg imponerande at Noreg er mellom dei ti landa som konkurrerer seg til mest pengar i Horisont Europa. Dette syner at vi er ein ettertrakta partnar innanfor europeisk forskings- og innovasjonssamarbeid. Finansieringa bidreg til å styrke den nasjonale kompetansen vår og aukar konkurransekrafta, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Universiteta og høgskulane gjer det òg stadig betre. I tillegg til svært god utteljing innanfor globale utfordringar og konkurransedyktig næringsliv, har den norske returdelen aldri vore høgare innan framifrå forsking, med rekordhøge returdelar både i Det europeiske forskingsrådet (ERC) og for mobilitetsverkemiddel under Marie Skłodowska-Curie Actions (MSCA).

Internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for å oppnå måla Noreg har sett for forsking og innovasjon. Sidan 1994 har Noreg delteke fullt ut i det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet, på grunnlag av EØS-avtalen. Den tette tilknytinga gir oss høve til å medverke til utviklinga av europeisk politikk, på område som er viktige for Noreg og for norske forskarar og kunnskapsaktørar.

graf, Finansiering til Noreg fordelt på organisasjonar.
Graf, Finansiering per land 2021-2023

Aggregerte tall 01.01.2021 – 14.12.2023. Datakilde: eCorda (Europakommisjonen)