Noreg sluttar seg til erklæring for framtidas internett

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Noreg sluttar seg til ei internasjonal erklæring med ei rekke felles prinsipp kring internettforvaltning. – Vi stadfester med dette at vi står saman med dei landa som ynskjer eit ope, fritt og sikkert internett for alle, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Initiativet «A Declaration for the Future of the Internet» blei teken av USA tidlegare i år. Så langt har over 60 land slutta seg til erklæringa, blant anna Sverige, Danmark, Finland og Storbritannia.

Erklæringa beskriv utfordringane ved at statar i stadig større grad brukar digitale plattformar og verktøy for å undertrykke borgarar, svekke menneskerettar og andre grunnleggande rettar. 

- Dei siste åra har vi vore vitne til ei digitalisering med ei enorm hastigheit. Det gir store moglegheiter, men har og skapt utfordringar. I dagens sikkerheitspolitiske situasjon ser vi dessverre at ynskje om eit ope, fritt og sikkert internett tidvis vert sett under press, seier Gjelsvik.

Formålet med erklæringa er å samle flest moglege land kring ein visjon om eit ope, fritt og sikkert internett som understøttar demokratiske styresett, gir innbyggjarane moglegheit til å påverke, sikrar privatlivets fred, tek større grep om cybertrugslar og bidreg til ein open og konkurransedyktig global økonomi.

- For Noreg er det viktig at internettforvaltninga framleis skal bygge på ein modell der alle relevante aktørar - som myndigheiter, offentlege og private verksemder, akademia, sivilsamfunnet og andre  – kan ta del. Dette har Noreg lang tradisjon for, seier Gjelsvik.

Erklæringa er meint å vere starten på ein vidare diskusjon, og å bidra til å utvikle samarbeid mellom støttespelarar, sivilsamfunn, industri og andre relevante interessentar. 

Noreg er til stades under høgnivåmøtet arrangert av Tsjekkias EU-formannskap 2. november om internettforvaltning for å bekrefte den norske deltakinga. 

Erklæringa kan lesast i sin heilskap på nettsia til det amerikanske utanriksdepartementet.