Historisk arkiv

Noreg treng lokalavisa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kjære lesar. Eg er glad for at du nett no sit og les di lokalavis. Anten du akkurat har bladd opp ei side i papiravisa, klikka deg inn på ei sak på pc-en, eller opna avis-appen på mobilen. Lokalavisa er viktig. Den står for nærleik, samhald og identitet i lokalmiljøet. Den held deg oppdatert på sakene som har mest å seie for livet ditt i det daglege.

Samstundes speler lokalavisene ein viktig i rolle i demokratiet. Vi treng media som kjenner nærmiljøa, og som kan følgje lokalpolitikken og det lokale næringslivet tett. Undersøkingar viser at lokalavisene er sentrale i å sørge for at lokaldemokratiet i kommunane fungerer. Det gjer også lokalavisene til sjølve fundamentet i det norske mediemangfaldet. Difor gjer regjeringa ei tydeleg prioritering i budsjettet for neste år. Vi ønskjer å sikre denne demokratiske bærebjelken.

No er det ikkje alle som meiner dei må ha papiravisa på døra om morgonen lenger. Kanskje treng du som lesar noko heilt anna - raske oppdateringar, lyd og bilete, og at medier er lett tilgjengeleg. Vi vil framleis ha det innhaldet lokalavisene leverer, men mange av oss vil bruke lokalavisa vår på ein annan måte. Dette er ikkje ei enkel omstilling for små redaksjonar med få ressursar. Difor opprettar regjeringa ei ny ordning som kan bidra med støtte til innovasjonsprosjekt. Slik kan vi bidra til at di lokalavis kan utvikle seg i takt med dine ønskje og behov.

Dette er berre nokre første steg. No arbeider vi vidare med ei stortingsmelding om mediestøtta, basert på råda vi fekk frå Mediemangfaldsutvalet tidlegare i år. Utgreiinga skal vere eit sentralt kunnskapsgrunnlag for utforminga av ein mediepolitikk for framtida.  

Vi har om lag 240 aviser i Noreg i dag, og talet har vore stabilt lenge. Sjølv om pressestøtta har ein del av æra for dette, har mykje endra seg sidan produksjonstilskotet til nyhende- og aktualitetsmedia blei oppretta på 60-talet. Ordninga skal leggje til rette for eit mangfald av aviser. Likevel er det slik at over halvparten av potten går til dei fem største avisene. Difor er det på tide at vi gjer ein grundig gjennomgang av korleis vi brukar og fordeler dei om lag 300 millionane som går til denne ordninga.

Regjeringa meiner at vi treng ei omlegging av den direkte pressestøtta, slik vi allereie har lagt om og modernisert andre ordningar på medieområdet. Til dømes innførte regjeringa i fjor eit fritak for moms for elektroniske nyhende- og aktualitetsmedia. Det er eit tiltak som kjem alle aviser til gode, ikkje berre nokre utvalde. Gjennom denne likebehandlinga i momssystemet fjerna vi hindringar for naudsynt omstilling, og momsfritaket gir ei indirekte støtte som kan vere særs viktig.

Regjeringa vil sikre at dine skattepengar blir brukte på rett måte, og at mediestøtta bidrar til at di lokalavis klarar seg gjennom den digitale omstillinga. Slik at du kan dele og sjå dine barn eller barnebarn score mål for det lokale fotballaget, bli informert om kva  konsekvensar vedtak i kommunestyret får for din kvardag, eller finne ut om der er kultur-  og fritidstilbod du ønskjer å bruke i uka som kjem. Regjeringa skal bidra til at di lokalavis kan halde fram med e å utvikle den gode lokale journalistikken som er viktig for deg og ditt nærmiljø.

God lesing!