Historisk arkiv

Ny jury for Arne Nordheims komponistpris oppnemnt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet har oppnemnt ny jury for Arne Nordheims Komponistpris for perioden 2014-2018.

Kulturdepartementet har oppnemnt ny jury for Arne Nordheims Komponistpris for perioden 2014-2018.

Håkon Berge er oppnemnt som leiar av juryen etter forslag frå Norsk Komponistforening. Asbjørn Schaathun og Ida Habbestad er oppnemnde som medlemmar etter forslag fra Noregs musikkhøgskule og Ny Musikk.

Håkon Berge er komponist, dirigent og tidlegare direktør for Kristiansand Symfoniorkester.

Asbjørn Schaathun er komponist og professor i komposisjon ved Noregs Musikkhøgskule. Ida Habbestad er redaktør for Ballade.no, leiar i Norsk kritikarlag, frilans musikkskribent og musikkmeldar i Aftenposten.

Arne Nordheims Komponistpris vart oppretta av Kulturdepartementet 20. juni 2001, då komponisten Arne Nordheim fylte 70 år. Prisen vert delt ut anna kvart år til ein komponist busett i Noreg. Prisen er på 200 000 kroner. Ultima Oslo Contemporary Music Festival er sekretariat for prisen.