Ny og meir tidsriktig barnevernslov trer i kraft 1. januar 2023

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Dagens barnevernlov er 30 år gammal, og målet med den nye lova er å få ei meir tilgjengeleg og modernisert utgåve, som er enklare og meir brukarvenleg – og betre tilpassa samfunnet i dag.

– Den nye barnevernslova skal bidra til auka vekt på førebyggjande arbeid og tidleg innsats, medverke til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre som får hjelp frå barnevernet. Lova set behova til barna i sentrum, og legg til rette for å byggje på ressursane rundt barnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Ny barnevernslov byggjer på grundige vurderingar av dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har gjennom Den europeiske menneskerettskonvensjon og FNs barnekonvensjon, og ny praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) og Noregs Høgsterett.

I lova er barnevernstenesta si plikt til å følgje opp barn og foreldre gjort klarare. Barnets beste skal vere det grunnleggjande omsynet i barnevernet sitt arbeid, og dette er framheva i lova. Retten barn og foreldre har til familieliv og målet om gjenforeining etter ei omsorgsovertaking, kjem òg tydelegare fram. Det er til dømes presisert i lova at vedtak om samvær skal baserast på ei konkret vurdering der det mellom anna skal takast omsyn til barnet og foreldra sin moglegheit til å oppretthalde og styrkje banda mellom seg.

Lova skal føre til grundigare vurderingar, riktigare avvegingar av motstridande omsyn, betre dokumentasjon og meir dynamisk fastsetting av samvær. På denne måten skal lova bidra til at praksis er innanfor våre menneskerettslege forpliktingar.

Leggje til rette for medverknad frå barna

Barn sin rett til medverknad er ein grunnleggjande menneskerett og viktig for å vareta barn sin rettstryggleik i barnevernssaker.

– Barns rett til medverknad er også styrkt i ny lov. Fleire endringar skal bidra til at barnet kan forklare seg til barnevernet i trygge rammer. I barnevernssaker vil det å høyre meninga til barnet vere sentralt for å kunne fastslå kva som er til barnets beste,  seier Toppe.

Det er òg tydeleggjort i lova at barn kan uttale seg direkte til fylkesnemnda, som frå 1. januar heiter barneverns- og helsenemnda.

Ei ny forskrift om barn sin medverknad i barnevernet har vore på høyring, og vil bli fastsett på nyåret.

I den nye lova er det mellom anna slått fast:

Forsvarleg sakshandsaming

  • Den nye lova stiller tydelegare krav til dokumentasjon av dei faglege vurderingane og til grunngivinga for avgjerdene til barnevernet. Det blir òg stilt krav om at barnevernet skal ha ein plan for undersøkingfasen. Retten barn og foreldre har til familieliv er sentralt i barnevernssaker, og det skal komme tydeleg fram korleis dette er vurdert og tatt omsyn til i vedtaket barnevernet gjer.

Barn som har foreldre som ikkje bur saman

  • Fleire lovendringar skal leggje til rette for at begge foreldre blir involvert, sjølv om dei ikkje bur saman. Undersøkinga skal omfatte den heilskaplege omsorgssituasjonen til barnet. Det betyr at barnevernstenesta skal undersøkje korleis barnet har det, både i heimen der barnet bur fast og i samværsheimen. Barnevernet skal alltid vurdere om begge foreldre er part i saka, og foreldre med foreldreansvar skal som hovudregel bli informert om vedtak.

Samvær etter omsorgsovertaking

  • Spørsmålet om samvær har vore sentralt i fleire av sakene i EMD og Høgsterett, og i ny barnevernslov går det klart fram at samvær skal byggje på ei konkret vurdering der det mellom anna skal takast omsyn til barnet og foreldra sin moglegheit til å oppretthalde og styrkje banda mellom seg, barnet sitt behov for vern og utviklinga til barnet.
  • Barnevernstenesta skal utarbeide ein plan for samvær og kontakt mellom barn og foreldre. Samværsplanen skal òg omfatte samvær med søsken og andre som har nære band til barnet. Det er presisert at barnevernstenesta jamleg skal vurdere om det er behov for å endre samværsplanen. Vidare er det presisert at barnevernstenesta kan innvilge meir samvær enn det nemnda har fastsett. Målet er å gi ei fleksibel og dynamisk samværsfastsetting.

Kompetansekrav

  • Kompetanse og kunnskap er ein føresetnad for å gi god og tilpassa hjelp. Det er allereie innført krav om barnevernsfagleg master eller anna utdanning på relevant nivå for tilsette i barnevernstenesta. Kompetansekrava tredde i kraft 1. januar 2022, men vil gjelde fullt ut frå 2031. Fram til 2031 gjeld ei overgangsordning der kompetansekravet skal kunne oppfyllast gjennom ein kombinasjon av utdanning og erfaring. Målet er at barn og foreldre skal bli følgt godt opp uavhengig av kven dei møter i barnevernet.

Førebygging og tidleg innsats – meir lokal styring

  • Ny barnevernslov skal, saman med barnevernsreforma, bidra til auka vekt på førebygging og tidleg innsats. Derfor tok fleire viktige endringar i barnevernslova til å gjelda samtidig med at barnevernsreforma tredde i kraft 1. januar 2022. Dette er endringar som styrkjer kommunen sitt ansvar for å førebyggje omsorgssvikt, og som skal bidra til betre overordna styring og leiing av barnevernstenesta.
  • Ansvaret for det førebyggjande arbeidet er tydeleg forankra i kommuneleiinga. Det er innført krav om at kommunestyret skal vedta ein plan for det førebyggjande arbeidet i kommunane. Planen skal vise korleis oppgåvene skal fordelast mellom dei ulike kommunale tenestene, og korleis dei skal samarbeide. Det er òg presisert at den øvste leiinga i kommunen har ansvar for den overordna styringa av barnevernstenesta.

Bruk av private tjenesteytarar

  • For å vareta rettstryggleiken for barn og foreldre må barnevernstenesta ha naudsynt styring og kontroll med sine oppgåver. Ny barnevernslov regulerer moglegheiten barnevernstenesta har til å inngå avtale med private tenesteytarar om bistand til å løysa oppgåver etter lova. Med ny lov kan ikkje lenger barnevernstenesta bruke fosterheimar som har inngått avtale med ein privat tenesteytar om godtgjering for, og innhaldet i, fosterheimsoppdraget.

– Det er viktig at barnevernstenesta kan følgje med på korleis det går med barn i fosterheim, innhaldet i fosterheimstiltaket og kostnadane, seier Toppe.

For å gi tid til omstilling vil denne endringa ikkje tre i kraft før 1. juli 2023.

Se: Lov om barnevern (barnevernsloven)