Nye reglar for rekneskapsføring på verdipapirområdet

Finansdepartementet har i dag fastsett nye reglar om årsregnskap m.m. for verdipapirføretak. Endringane inneber ei forenkling av krava til rapportering, og skal bidra til større effektivitet og likare krav til rapportering for likearta føretak. Dei nye reglane trer i kraft 1. januar 2017.

Verdipapirføretak kan ha løyve til å drive verksemd, og verdipapirføretak som er underlagt krav til ansvarleg kapital, skal sende inn årsrekneskap til Finanstilsynet.  Endringane i regelverket for rekneskapsføring består mellom anna av ei utviding av forskrift om årsregnskap m.m. for verdipapirforetak til og å omfatte verdipapirføretak utan løyve til å yte investeringstenesta aktiv forvalting, forvaltarar av alternative investeringsfond, og morselskap til føretak som er underlagt krav til ansvarleg kapital. I tillegg vert notekrava i forskrifta noko utvida, slik at forskrifta er oppdatert i tråd med gjeldande reglar for kapitaldekning. Valmoglegheitene for innsending av revisorstadfesting og årsrekneskap til Finanstilsynet vert fjerna, og det vert no krav om at desse sendast tilsynet innan 90 dagar etter utløpet av rekneskapsåret. Dette er ei forenkling av regelverket som vil bidra til å unngå uklårleikar og feilrapporteringar.

Les meir