Nye regler om kriseberedskap i jernbanesektoren frå 1. juli

- Stortinget har vedteke endringar i jernbaneloven som gjer det mogeleg å etablere nærmare krav til jernbaneaktørane for å sikre jernbanen mot terrorhandlingar og andre tilsikta uønskte handlingar. Samferdselsdepartementet har tidlegare gjeve Statens jernbanetilsyn i oppdrag å utarbeide meir detaljerte krav i forskrift, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Dei nye reglane tredde i kraft 1. juli.

I tillegg til at Statens jernbanetilsyn fekk i oppdrag av Samferdselsdepartementet å utarbeide forskrift, skal etaten føre tilsyn med at dei nye krava blir overhaldne.

For fleire opplysningar – sjå: