Nye studieplassar på sjukepleie over heile landet

Regjeringa har fordelt 300 ekstra studieplassar i sjukepleie til 11 universitet og høgskular.

Behovet for fleire sjukepleiarar er stort. Difor aukar regjeringa kapasiteten med 500 studieplassar frå hausten 2022. No er 300 av plassane finansierte med friske midlar fordelte og det er Universitetet i Agder og Høgskulen i Molde som får flest nye studieplassar.

– Behovet for sjukepleiarar er stort, kanskje særleg i distrikta.  Det å ha nok fagfolk i helse- og omsorgstenestene der folk bur, er eit viktig mål for regjeringa. Pandemien har gjort det endå tydelegare at vi treng fleire sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. No aukar vi utdanningskapasiteten ved høgskular og universitet frå Agder i sør til Nordland i nord, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

300 av studieplassane blir  finansierte med 14,3 millionar kroner i 2022. Pengane er fordelte med utgangspunkt i tilbakemeldingane frå universiteta og høgskulane om kor dei har høve til å auke utdanningskapasiteten. Regjeringa har spesielt oppmoda institusjonane om å prioritere utdanningar i spesialsjukepleie.

– Det er mange gode kandidatar som søker seg til sjukepleiar- og spesialsjukepleiarutdanningane, men som ikkje kjem inn fordi det manglar studieplassar. Det er  særleg behov for fleire spesialsjukepleiarar. Derfor skal institusjonane prioritere vidareutdanning for jordmødrer, helsesjukepleiarar, og anestesi-, barn-, intensiv-, operasjon- og kreftsjukepleiarar, seier Borten Moe.

Tilbakemeldingane viser at fleire institusjonar følger opp målet til regjeringa om fleire utdanningstilbod i distrikta. Fleire av studieplassane er derfor tildelte institusjonar som skal bruke dei på vidareutvikling av gode tilbod som fordelte over heile landet.  

Dei resterande 200 plassane til grunnutdanninga i sjukepleie, som regjeringa har bestemt skal vere klare til hausten 2022, skal utdanningsinstitusjonane finansiere sjølve.

Fordeling av dei nye studieplassane på ulike studiestadar/geografi

Institusjon

Nye studieplassar

Geografi

Lovisenberg diakonale høgskole

10

Oslo

Høgskulen på Vestlandet

14

Blir fordelte mellom Haugesund, Bergen og Førde

Universitetet i Agder

59

Kristiansand og Grimstad

Universitetet i Stavanger

20

Stavanger

Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet

4

Gjøvik

Høgskolen i Østfold

43

Plassane til grunnutdanninga er tenkt brukt til desentralisert utdanning i Indre Østfold, plassane til spesialsjukepleiarutdanninga er i Fredrikstad

Høgskolen i Innlandet

4

Ikkje avklart

Høgskolen i Molde – vitskapeleg høgskole i logistikk

52

Kristiansund og Molde

Nord universitet

25

Desentralisert utdanning - plassane blir fordelte på fem regionar ut frå søkargrunnlag/etterspørsel i dei ulike regionane.

Spesialsjukepleiarutdanninga er i Bodø.

VID vitskaplege høgskole

32

Plassane til grunnutdanninga er i Sandnessjøen, plassane til kreftsjukepleiarutdanninga er i Oslo eller Bergen.

Universitetet i Søraust-Noreg

37

Campus Vestfold

SUM

300

 

Oversikt over ekstra studieplassar som universiteta og høgskulane skal prioritere innanfor eige budsjett

Institusjon

Fordeling innanfor eiga ramme

OsloMet

30

Høgskulen på Vestlandet

30

Universitetet i Agder

20

Universitetet i Stavanger

20

UiT – Noregs arktiske universitet

15

Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet

25

Høgskolen i Østfold

10

Høgskolen i Innlandet

10

Høgskolen i Molde – vitskapleg høgskole i logistikk

10

Nord universitet

10

Universitetet i Søraust-Noreg

20

SUM

200