Nye ubåtar

Regjeringa har bede om Stortinget si godkjenning til å skaffe fire nye ubåtar der den tilrådde kostnadsramma er på 41 370 millionar norske kroner. Meirverdiavgift, avsetjing for usikkerheit og gjennomføringskostnadar er medrekna i talet.

Tyskland er valgt som strategisk samarbeidspartner for Norge innenfor ubåtområdet - illustrasjonsbilde.
Tyskland er valgt som strategisk samarbeidspartner for Norge innenfor ubåtområdet - illustrasjonsbilde. Foto: Oliver Berdal, FD

- Ubåtar er ein sentral militær kapasitet for Noreg. Gjennom deira evne til å operere skjult i lang tid, over store område og med stor slagkraft, bidreg ubåtar i stort monn til Forsvaret si evne til avskrekking. Ubåtar har stor innverknad på militære operasjoner i det maritime domenet, både over og under vatn. Dei har ein høg kapasitet til å oppretthalde ein krigsførebyggjande terskel. For ein maritim nasjon som Noreg er ubåtar ein av dei viktigaste kapasitetane i vårt militære forsvar, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

I samsvar med den nye langtidsplanen for Forsvaret, skal Noreg skaffe fire nye ubåtar som skal fasas inn frå midten av 2020-talet. Fire ubåtar vert rekna som heilt naudsynt for å vidareføre ubåt som ein moderne kapasitet og for å kunne ha eit tilstrekkeleg robust kompetansemiljø i Sjøforsvaret. Samstundes vert det også rekna som bærekraftig i eit lengre driftsperspektiv.

Noreg har inngått eit strategisk samarbeid med Tyskland om anskaffing av nye ubåtar. Dette samarbeidet tek utgangspunkt i eit eksisterande tysk ubåtdesign og eit felles kravsett. Tyskland og Noreg kjem til å skaffe identiske ubåtar, og samarbeidet vil omfatte utdanning, trening, vedlikehald, levetidsstøtte, reservedelar, oppdateringar og forbetringar. Produksjonen av nye ubåtar vil bli samordna slik at Tyskland tek ubåt nummer tre og nummer seks av byggeserien på seks ubåtar. Dette sikrar identisk konfigurasjon på ubåtane.

- Eksport og internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for å oppretthalde ein nasjonal forsvarsindustri. Ei anskaffing av nye ubåtar vil difor bli aktivt brukt opp mot internasjonale partnarar for å vidareutvikle ein kompetent og konkurransedyktig norsk forsvarsindustri, seier Eriksen Søreide.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide offentliggjorde i februr i år at Tyskland er valgt som strategisk samarbeidspartner for nye ubåter.
Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide offentliggjorde i februr i år at Tyskland er valgt som strategisk samarbeidspartner for nye ubåter. Foto: Lars Gjemble, FD

Det er allereie innleidd eit strategisk samarbeid med Tyskland som vil opne for sal av norske missil til Tyskland og samarbeid om vidareutvikling av missil og missilteknologi. Samarbeidet omfattar og kampleiingssystem på dei norske og tyske ubåtane. I tillegg vil dette opne for eksport av norske kampleiingssystem utover ramma av ubåtprogramma i Noreg og Tyskland. Dette samarbeidet vil også opne for oppdrag for ei rekkje små og mellomstore bedrifter i Noreg. Samarbeidet med Tyskland er positivt for høgteknologisk kompetanseutvikling i Noreg og for eksportpotensialet til norskutvikla produkt.