Nytt medlem i Karantenenemnda

Advokat Steinulf Tungesvik er utnemnd til nytt medlem i Karantenenemnda.

Steinulf Tungesvik, advokat og partnar i HLT Advokatfirma AS, Bergen, er utnemnd som nytt medlem i nemnda. Frå 2009 til 2013 var han vararepresentant på Stortinget for Senterpartiet frå Hordaland. Han var statssekretær i Samferdselsdepartementet i 2005 -2008 og i 2012, politisk rådgjevar i Sosial- og helsedepartementet frå 1997 til 1999 og statssekretær i same departement frå 1999 til 2000.

Leiar av karantenenemnda er fylkesmann i Nordland Hill-Marta Solberg. Dei andre medlemmane i nemnda er lagmann i Gulating lagmannsrett Hanne Sophie Greve, advokat og partnar i Gram, Hambro og Garman, Christian Hambro og tolldirektør Øystein Børmer.

Karantenenemnda er ei fagleg uavhengig nemnd som treff vedtak om karantene og saksforbod når politikarar går til ny stilling eller verv utanfor statsforvaltinga eller om dei startar næringsverksemd. Karantenenemnda består av ein leiar, ein nestleiar og tre andre medlemmar.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

Til toppen