Historisk arkiv

Nytt sjukehus på Ullandhaug

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsminister Bent Høie stadfesta i føretaksmøtet med dei regionale helseføretaka 12. januar vedtaket om at eit nytt sjukehus i Stavanger-regionen vert planlagt bygd på Ullandhaug, og at Helse Stavanger HF utarbeider eit forprosjekt for dette alternativet.

Dermed har statsråden kome fram til same konklusjon som styra i Helse Stavanger og Helse Vest.

–Eg er svært nøgd med avgjerda, og meiner Ullandhaug er det beste alternativet for eit nytt sjukehus i Stavanger-området. No er vi eit skritt nærare eit nytt og moderne sjukehus, til det beste for både pasientar og tilsette, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Helse Stavanger har over fleire år arbeid med «Prosjekt sykehusutbygging i Helse Stavanger». I konseptfasen vart fire ulike alternativ i regionen nærare utgreia: eit null-alternativ, ei utbygging på Våland, der Stavanger Universitetssjukehus ligg i dag, ei utbygging på universitetsområdet på Ullandhaug eller på Stokka i Sandnes.

I slutten av november gjekk styret i Helse Stavanger inn for Ullandhaug-alternativet. I styremøte 22. desember 2015 godkjente styret i Helse Vest at nytt sjukehus i Stavanger blir planlagt på Ullandhaug, og at Helse Stavanger utarbeider forprosjekt for Ullandhaug-alternativet. 

Første byggetrinn på Ullandhaug er berekna ferdig i 2023.

Illustrasjon av nytt sykehus i Stavanger. Foto: Stavanger universitetssjukehus.
Illustrasjon av nytt sykehus i Stavanger. Foto: Stavanger universitetssjukehus