Nytt styre for Fond for lyd og bilde oppnemnt

Kulturdepartementet har oppnemnt nytt styre i Fond for lyd og bilde for perioden 2015 til 2017. Kulturentreprenør Stein Bjelland frå Stavanger er oppnemnd som ny styreleiar. Det nye styret er i funksjon frå 1. februar.

Styret har sju medlemmer med personlege varamedlemmer. Leiar og personleg varamedlem for leiar er oppnemnd av Kulturdepartementet på fritt grunnlag. To styremedlemmer med varamedlemmer er oppnemnde etter innstilling frå produsentorganisasjonane. Fire medlemmer med varamedlemmer er oppnemnde etter innstilling frå opphavsretts- og utøvarorganisasjonar. Dei oppnemner to representantar kvar. 

Styret har etter dette fått denne samansetninga:

Leiar: kulturentreprenør Stein Bjelland, Stavanger
Varamedlem: direktør Tone Winje, Harstad

Representantar for produsentorganisasjonar: 
Medlem: Øyvind Sauarlia, Notodden, FONO
Varamedlem: Hildegunn Olsbø, Oslo, IFPI 
Medlem: Trude Refsahl, Rådal, Produsentforeningen/Virke
Varamedlem: Gary Cranner, Stavanger, Produsentforeningen/Virke

Representantar for opphavsrettsorganisasjonar:
Medlem: Karianne Stensland, Trondheim, Norske Billedkunstnere
Varamedlem: Stein Versto, Vinje, Den norske Forfatterforening
Medlem:Trygve Luktvasslimo, Vefsn, Norske Billedkunstnere
Vara: Bjørn Bolstad Skjelbred, Oslo, Norsk Komponistforening

Representantar for utøverorganisasjonar:
Medlem: Karin Stautland, Bergen, Norsk Skuespillerforbund
Varamedlem: Christine Thomassen, Oslo, Musikernes Fellesorganisasjon
Medlem: Hans Mathisen, Sandefjord, GramArt
Varamedlem: Toni Usman, Oslo, Norsk Skuespillerforbund