Nytt utvald kulturlandskap i Sogn og Fjordane

Midtre Lærdal i Sogn og Fjordane er blant dei ni nye utvalde kulturlandskapa i jordbruket. Midtre Lærdal ligg inst i Sognefjorden og har til alle tider fungert som eit knutepunkt og viktig ferdselsåre mellom Aust- og Vestlandet.

– Kulturlandskapa er av nasjonal verdi, og denne ordninga bidrar til å ta vare på desse områda i mange år framover. Eit aktivt jordbruk med god utnytting av beiteressursar og lokalt engasjement, er naudsynt for å ta vare på natur- og kulturverdiar. Verdiskaping basert på kulturlandskapets verdiar er også eit viktig satsingsområde for denne ordninga, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Midtre Lærdal i Sogn og Fjordane er blant dei ni nye utvalde kulturlandskapa i jordbruket.
Midtre Lærdal i Sogn og Fjordane er blant dei ni nye utvalde kulturlandskapa i jordbruket. Foto: Leif Hauge.

Kulturhistoriske verdiar

Det utvalde området omfattar eit lengre strekke av dalbotnen i Lærdal, og omfattar fleire grender, ei rekkje kulturminne og biologisk verdfulle område. Spesielt kjent er kongevegen, med den særmerkte Vindhellavegen, og dei omfattande systema av vatningsveiter. Borgund stavkyrkje ligg òg i området. Tradisjonsrike gardsmiljø og lokalitetar med særlege biologiske og kulturhistoriske verdiar ligg side om side med moderne bygningsmiljø og infrastruktur. På gardane i dalføret vert det drive aktivt og moderne jordbruk.

Satsing innan grøntnæringa

Dalen er prega av gode lokalklimatiske forhold. Saman med lettdriven sandjord gjer det gunstige klimaet at våronna startar tidlegare her enn elles i distriktet. Det er gode forhold for dyrking av gras, korn, grønsaker, potet, frukt og bær. Det er ei innovativ satsing innan grøntnæringa. Her er store utmarksområde med gode beite for husdyr. Det vert drive med sau, geit, storfe, mink, honningbier, alpakka, gris. Det finst også hjortefarm i området.

Biologisk verdfull område

I heile området finst slåttemarker, naturbeitemarker, hagemarker, haustingsskog og artsrike vegkantar. I tilknyting til desse finst eit til dels svært stort artsmangfald med innslag av sjeldne og sårbare artar. Det er mange funn av sjeldne og raudlista artar av lav, sopp og insekt i området.

– FNs globale berekraftsmål seier at vi skal styrke innsatsen for å verne om og sikre verdas kultur- og naturarv og setje i verk tiltak for å stanse tap av naturmangfald. Med den auka satsinga vi no har fått, vil ein oppnå at landskap langs kysten, ved fjorden, i innlandet og på fjellet, blir tatt vare på. Eg er dessutan også opptatt av at tiltak i desse landskapa kjem insekt og pollinerande artar til gode, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Eit lett tilgjengeleg reisemål

Landskapet vert opplevd av mange og det er lett tilgjengeleg som reisemål. Det ligg langs gjennomfartsvegen E16 mellom Oslo og Bergen, og riksveg 5, og dei mange kjerneområda ligg lett tilgjengeleg for dei som vil stoppe. Det er eit mykje brukt ekskursjonsområde for undervisningsinstitusjonar. Eit rikt tilfang av foto frå pionerfotografane gjev stort potensial for formidling.

Planar for tiltak i området

Det er planlagt å istandsetje og vedlikehalde bygningar, gamle vegstrukturar, vatningsveiter, og rydding av uønskt vegetasjon. Ein årleg skjøtsel av dei mest verdifulle områda blir også prioritert.  Det vil og vere behov for å fjerne gamle gjerde og setje opp nye for å kunne styre beiting.