Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

OECD og norsk skule

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

OECD har i Economic Review, offentleggjord 20. august i år, komme med fleire tilrådingar til Noreg om korleis vi kan styrkje utdanningssystemet vårt. Vi er einige i mange av dei råda vi har fått, men ikkje i alle. (Innlegg av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell, DN 01.09.08).

Innlegg av kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i Dagens Næringsliv 1. september.

OECD har i Economic Review, offentleggjord 20. august i år, komme med fleire tilrådingar til Noreg om korleis vi kan styrkje utdanningssystemet vårt. Vi er einige i mange av dei råda vi har fått, men ikkje i alle.

I stortingsmeldinga om kvalitet i skulen som regjeringa la fram før sommarferien, er det alt foreslått fleire tiltak. Først dei punkta der vi er einige med OECD: Vi er einige om at resultata i norsk skule må bli betre, og at vi må få meir ut av dei ressursane som vi set inn i skulen. Vi er også einige om at ein nøkkelfaktor i den samanhengen er at kompetansen til lærarane må bli betre. Det vil gi læraryrket auka prestisje og lærarane høgre status. OECD rår oss til å satse på å auke kompetansen til lærarane. I perioden 2005-2008 er det løyvt om lag 1,4 milliard kroner til kompetanseutvikling i samband med innføringa av Kunnskapsløftet. Vi er også einige med OECD i at vi treng ein lengre skuledag.

Mange tiltak er gjennomførde eller er komne i gang. Det viser at vi har ambisjonar. Dei siste åra har vi fått fleire utvidingar av timetalet, seinast i faga norsk, matematikk og engelsk med i alt fem timar på barnesteget. Vi har starta opp med viktige tiltak for å få enda meir kvalifiserte lærarar. Vi har skjerpt krava til lærarkompetanse; førskulelærarar som blir tilsette for å undervise på første årssteget, må ha eitt års vidareutdanning innanfor undervisning; dei som ønskjer å undervise i norsk, matematikk og engelsk på ungdomssteget, må ha 60 studiepoeng i dag. Vi har etablert eit nytt, varig system for vidareutdanning for lærarar på prioriterte fagområde. Det skal komme ei skuleleiarutdanning for nytilsette rektorar, og vi skal leggje om lærarutdanninga for at lærarane skal bli meir spesialiserte og betre rusta for praktisk arbeid i klasserommet.

Ein tydeleg mangel i OECD-rapporten er at organisasjonen seier lite om kor viktig det er å gå vekk frå ei ”vente-og-sjå-haldning” og satse på tidleg innsats for å komme problema i forkjøpet. Internasjonal forsking er heilt klar på at tidleg innsats er avgjerande for å sikre at alle elevane får ei god opplæring. Vi legg derfor no større vekt på barnehagen som eit pedagogisk tilbod. Regjeringa vil frå 2010 og bruke ein milliard kroner årleg på fleire lærarar i skulen og styrkt opplæring i norsk og matematikk for dei yngste elevane.

Fleire tilrådingar frå OECD er standardoppskrifter, baserte på ei marknadsorientert tilnærming til problema. Denne tilnærmingsmåten tek i liten grad omsyn til samfunnsmodellen vår. Det gjeld mellom anna framlegga om eit meir resultatbasert lønnssystem i skulen og om å leggje ned fleire småskular. Dagens Næringsliv og skulepolitikarar frå Høgre har applaudert forslaga frå OECD. Men så langt eg kan sjå, har ingen av dei gjort framlegg om at vi skal tilbake til eit system der ansvaret for lønnsforhandlingane med lærarane ligg i regjeringa, eller at vi skal sitje i Oslo og fastsetje talet på grunnskular ut over i landet.

Lønnsforhandlingane let eg dei organisasjonane som er forhandlingspartar i dag, ta seg av. Prinsipielt har eg lita tru på standardoppskrifta frå OECD når det gjeld lønnsdifferensiering. Ansvar og kompetanse er forhold som bør spele inn når lønn skal fastsetjast, og som gjer det i dag. Å finne ein rettvise måte å lønne lærarane på alt etter elevresultata trur eg blir vanskeleg.

OECD skulle heller ta inn over seg fleire av dei sterke sidene ved den nordiske modellen. Hadde vi slavisk følgt dei marknadsorienterte råda som OECD har komme med dei siste tiåra, ville Noreg vore eit land med større forskjellar og truleg høgre arbeidsløyse. Det er også verdt å leggje merke til at dei landa som følgjer tilrådingane frå OECD, ikkje merkjer seg ut med spesielt gode resultat i skulepolitikken. Finland derimot følgjer ei anna linje når det gjeld lønnsdanning i skulen, og det landet ligg på topp i dei internasjonale skulestatistikkane.

Vi har spreidd busetnad i Noreg, og skulane må ligge der elevane bur. Å halde oppe små skular handlar ofte om andre ting enn dei reint skulefaglege. Ønskjer vi livskraftige bygdesamfunn, må vi satse på skulen, mellom anna som ei viktig møtestad.

OECD har laga ein god og interessant analyse av det norske utdanningssystemet. Gode råd og vurderingar tek vi på alvor, og vi er allereie i gang med å gjennomføre fleire konkrete tiltak. Men korkje OECD eller andre aktørar kan vente at alle tilrådingane vil bli følgde. Vi må også gjere våre eigne vurderingar, og ikkje minst er det spørsmål om kva for mål vi har for norsk skule, og om korleis skulen er med på å forme samfunnet vårt.      

Til toppen