Vis heile kalenderen

03.11.2016

  • 50 år sidan oljeverksemda i Noreg starta

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Oslo rådhus

    Statsministeren er vert for ein regjeringsmiddag i Oslo rådhus i samband med at det er 50 år sidan oljeverksemda i Noreg starta.

    H.M. Kongen er blant gjestane, i tillegg til representantar for det offisielle Noreg, tidlegare statsrådar og statsministrar, ordførarar frå ulike delar av landet, oljepionerar og representantar for oljenæringa.

    Oppmøte for pressefolk ved hovudinngangen til rådhuset frå kl. 18.30. Ta med pressekort og gyldig id. Pressa kan vera til stades inne i salen under velkomsttalane. Det blir lagt til rette for lydtapping.

    Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland ved Statsministerens kontor, telefon 930 51 458 og kommunikasjonssjef Ole Berthelsen i Olje- og energidepartementet, telefon 930 26 847.