Historisk arkiv

Opnar for at barn kan delta i forsking om vald og overgrep

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne- og likestillingsdepartementet

Ei ny forskrift som vert sendt på høyring i dag, opnar for at barn ned i 12 års alder kan delta i forsking om sensitive tema utan løyve frå foreldra. Med endringa kan ein for fyrste gong gjennomføre omfangsundersøkingar der barn og unge sjølve blir spurde om vald og overgrep.

- Å spørje barn om vald og overgrep er viktig for å få god kunnskap om kor mange barn som blir utsette for vald og seksuelle overgrep i Noreg, slik at vi kan målrette hjelpa. Regelverket slik det er i dag, med krav om at foreldre eller føresette må samtykke når barn mellom 12-16 år skal delta i forsking, avgrensar barns rett til fritt å gi uttrykk for eigne standpunkt, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).

- Vi har ikkje vore flinke nok til å høyre barn og unge, verken når dei treng offentlege tenester eller i arbeidet med å finne ut kva behov dei har. No tek vi grep på fleire område for å endre dette. Vi syter for at barn og unge får meir medverknad i helsetenesta og vi syter for at barna blir høyrde i undersøkingar og forsking om vald og overgrep. Dette vil gi barn og unge betre og meir målretta hjelp, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Opptrappingsplan mot vald og overgrep

Forsking på sensitive tema er eit av tiltaka i regjeringas Opptrappingsplan mot vald og overgrep (2017-2021) som blei lansert i haust. Planen inneheld 88 tiltak på områda til seks departement og det er sett av over ein halv milliard kroner i årets statsbudsjett for å styrke arbeidet. Pengane skal mellom anna gå til å gi betre vern til valdsutsette, prioritert etterforsking av valds- og overgrepssaker, god og riktig kompetanse i alle tenester og styrking av det førebyggande arbeidet.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) set i år i gang ei omfangsundersøking om vald og seksuelle overgrep av barn. Målet med undersøkinga er å kartlegge kor mange barn som er utsette for vald og overgrep i Noreg, kva som er risikofaktorane for å bli utsett, og korleis barn opplever den hjelpa dei får.

På høyring

Forskriftsendringa som Helse- og omsorgsdepartementet sender på høyring i dag, kjem til bruk i forskingsprosjekt som kan avdekke opplysingar som foreldra, eller andre med foreldreansvar, ikkje ønskjer skal avdekkast. Det omfattar prosjekt som kan avdekke opplysninger om vald, omsorgssvikt eller andre overgrep frå foreldra eller andre nærståande. Det er ein føresetnad at samfunnsnytta klart overstig ulempene det kan medføre for det enkelte barn å delta i prosjektet. Dersom eit prosjekt oppfyller dette vilkåret, kan regional komité for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK) godkjenne at barn mellom 12 og 16 år sjølve kan samtykke til deltaking.

Les høyringa her.