Opnar for E6 gjennom Lågendeltaet med meir avbøtande tiltak

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa opnar for å byggje ny E6 på strekninga Roterud – Storhove med trase som i vedtatt reguleringsplan, under føresetnad av det vert gjennomført ytterlegare miljøforbetrande tiltak utover dei om følger av Statsforvaltarens vedtak. Tiltaka skal kompensere for og redusere dei negative konsekvensane for naturen som følgje av ny E6 Roterud - Storhove.

- Det skal vere ein svært høg terskel for å tillate inngrep i verneområde. I dette tilfellet meiner Regjeringa samla sett at dette er den beste løysinga når ein ser alle omsyn samla. Med regjeringa si avgjerd får Lillehammer-samfunnet ei betre løysing for lokal- og tungtrafikk. Eit område av naturreservatet som er viktig for fuglelivet får redusert belastning når vi flyttar store deler av trafikken til tunell langs Lågen og kryssar han ved eit område med mindre fugl. I tillegg skal vi verne erstatningsareal og finne nye tiltak for å redusere miljøulempene ved vegprosjektet samla sett, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Miljødirektoratet avslo Nye Veier AS sin søknad om dispensasjon til å byggje ny E6 gjennom Lågendeltaet naturreservat fordi vilkåra for å gi dispensasjon ikkje var oppfylte. Miljødirektoratet peika samtidig på at dersom regjeringa vil tillate framføring av vegen, må dette skje gjennom endring av verneforskrifta. 

- Denne utbygginga vil sikre at Nye Veier kan gjere ei heilskapleg utbygging av E6. Vegen vil bli tryggare og meir framkommeleg. Det vil bety mykje lokalt for utvikling av bu- og marknadsregionane, det vil bety mykje for næringslivet, og det vil bety mykje for langtransporten mellom Oslo-Trondheim og Oslo-Nord-Vestlandet. Vegen vil også betre samfunnssikkerheita og beredskapen i regionen, seier samferdsleminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringa vurderer at det no ikkje er ei løysing å utsette vegprosjektet for å starte planlegginga på nytt. Det ville ha kravd omfattande nye planprosessar med alternativ som frå før har vist seg å ha uheldige løysingar og som gir uvisse for utviklinga i regionen. I tillegg vil det medføre naturinngrep andre stader.

Klima- og miljødepartementet vil gi Miljødirektoratet i oppdrag å greie ut og sende på høyring forslag til endringar i geografisk verkeområde for verneforskrifta. Ei endring i vernegrensa for ny trase gjer at Nye Veier kan halde fram utbygginga av strekninga Moelv – Øyer med prosjektet Storhove – Øyer nord for Lågendeltaet. Det same gjeld tilgrensande strekningar som den ulykkesbelasta Rv. 4 mellom Gjøvik og Mjøsbrua. Vedtak om endring av det geografiske virkeområdet for vernet vil først skje etter at Regjeringa har fatta vedtak om miljøforbetrande tiltak.

Lågendeltaet naturreservat

Lågendeltaet naturreservat er ein viktig del av eit nettverk av verna våtmarksområde heilt frå Oslofjorden og Øyeren, langs Mjøsa og vidare oppover Lågen. Området har nasjonal og internasjonal betydning for særleg trekkande vassfugl og truga naturtypar på flaummark. Verneområdet er eit viktig leveområde for nesten alle fiskeartar i Mjøsa, som anten gyter i eller oppstrøms deltaet.

Naturreservatet dekker eit areal på 7230 dekar og der 495 dekar er landareal. Då Statsforvaltaren i Innlandet vurderte søknad om dispensasjon, vart det lagt til grunn at bru over Lågendeltaet ville medføre eit direkte arealbeslag på om lag 11,6 dekar. Dette omfattar areal under ei betongkassebru med frihøgde på rundt 10-13 meter over vassflata i Lågen, på pilarar fundamentert i Lågen. I tillegg vil arealet nærast brua få redusert verneverdi. Anleggsarbeid vil og påverke verneverdiar utanom det direkte arealbeslaget. Miljødirektoratet skal no vurdere kor stort areal som ikkje lengre skal  vere omfatta av vernet som følgje av ny E6. Truleg vil om lag 7000 dekar framleis vere verna etter ei eventuell forskriftsendring. Det skal og utgreiast vern av meir erstatningsareal enn det som til no har blitt utgreidd..

Kompenserande og avbøtande tiltak

Gjennom planprosessen har strekninga E6 Moelv – Øyer blitt nedskalert og optimalisert for å spare areal og kostnader. Statsforvaltaren i Innlandet har frå før av hatt på høyring forslag om vern av Rykkhustjønnin naturreservat, som skal kompensere for inngrepet (økologisk kompensasjon). I tillegg blir det no vurdert fleire avbøtande og kompenserande tiltak som meir nedskalering av E6 innafor rammene av nye vegnormalar og meir økologisk kompensasjon. Miljøtiltak på eksisterande E6 gjennom reservatet blir og vurdert.

I tillegg til slike avbøtande tiltak forutsettes Nye Veier AS å ta initiativ overfor netteigar for å se på ulike kabelløysingar i det aktuelle området. Dette kan vere med på å redusere den samla belastninga i Lågendeltaet.

Kva skjer no?

  • Høyring av forslag til endring av reglar i og geografisk verkeområde for forskrift om freding av Lågendeltaet naturreservat innan 1. mars, og med to månaders høyringsfrist
  • Utgreiing av kompenserande og avbøtande tiltak
  • Dialogmøte med partar som har engasjert seg i saka om slike tiltak
  • Mål om forskriftsendring så snart som mogleg, men først når det er fatta beslutning om dei avbøtande tiltaka
  • Prosessen skal vere forsvarleg og gi høve for medverking

Bakgrunn

E6 er Noregs viktigaste riksveg og knyter landet saman frå nord til sør. Ny E6 Moelv – Øyer (43 km) med delstrekninga Roterud - Storhove (23 km) er ein del av utviklinga av hovudvegen frå Oslo til Nord-Vestlandet. Vegen betrar framkomsten for både gods- og persontransport, reduserer ulukker og vil betre regionens samfunnstryggleik og -beredskap. Utbygginga vil medføre tap av både natur og jordbruksareal, i tillegg  til eit inngrep i Lågendeltaet naturreservat der vegen skal krysse Lågen i bru.

Oppdragbrev.pdf