Historisk arkiv

Opne høyringar om ein digital indre marknad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

EU-kommisjonen gjennomfører opne høyringar om ein ny strategi for ein digital indre marknad (DSM-strategien).

EU-kommisjonen lanserte 6. mai 2015 ein strategi for ein digital indre marknad. Strategien er bygd på tre pilarar og 16 tiltakspunkt. Fleire av desse tiltakspunkta inneber offentlege høyringar, som skal danne grunnlag for utviklinga av EU sin IKT-politikk fram mot 2020. I følgje EU-kommisjonen er IKT ein sentral faktor som skal sikre den europeiske økonomien og sysselsetjinga i åra framover.

Berre under den siste månaden er det publiserte fleire store høyringar, blant anna om:

Norske posisjonar og svar vert utforma i dei ansvarlege departementa. Svar på høyringar som berører fleire departement sine ansvarsområde, blir koordinerte av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dersom private verksemder eller organisasjonar vel å gi svar til Kommisjonen, vil departementet setje pris på å få ein kopi av svaret. Dette kan sendast til postmottak@kmd.dep.no