Presseinvitasjon

Opning av lønnsoppgjeret i staten

Staten og hovudsamanslutningane møtast onsdag 20. april klokka 10 for å starte lønsforhandlingane i staten.

Årets lønnsoppgjer er eit hovudoppgjer, der partane forhandlar om alle elementa i hovudtariffavtala. Forhandlingane blir ført mellom hovudsamanslutningane LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat på den eine sida, og staten på den andre.

Forhandlingsfristen er 30. april kl. 24.00.

Presse er velkommen til å ta bilete før opninga av oppgjeret. Det vil også vere mogleg med intervju etter at oppgjeret er formelt opna.

Stad: Auditoriet i Akersgata 59 (R5).

Tid: 20. april kl. 10.00

Påmelding til ke@kdd.dep.no

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00