Forsida

Opptaksutvalet leverer rapporten sin

Torsdag 1. desember kl. 10 leverer utvalet som har sett på heilskapen i regleverket for opptak til høgare utdanning tilrådingane sine. Marianne Aasen har leia arbeidet.

Nett-tv Opptaksutvalet leverer rapporten sin

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

  • Tid: Torsdag 1. desember, kl. 10.00-11.00
  • Stad:  Plenumssalen, Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18

Regjeringa sette i 2021 ned eit utval som fekk i oppdrag å gå gjennom heile regelverket for opptak til høgare utdanning. Målet er å foreslå eit forståeleg og fleksibelt opptaktsregelverk, som ivaretar retttryggleiken til søkarane, og som kan tilpassast høgare utdanning i framtida, og den teknologiske utviklinga. Torsdag 1. desember leverer utvalet tilrådingane sine til forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Utvalet kjem med ei rekke forslag til tiltak, og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe vil kommentere rapporten.

Det blir høve til å intervjue statstråd Borten Moe og utvalsleiar Marianne Aasen.

Kontakt:

Arrangementet blir strøymd. Journalistar som ønsker å vere til stades kan melde seg på til kommunikasjonsrådgjevar Johanne Severinsen på telefon 911 14 868 eller pr. e-post: jose@kd.dep.no