Pakkeforløp psykisk helse og rus endrar namn

Pakkeforløp psykisk helse og rus som blei innført i helsetenesta i 2019 endrar namn frå pakkeforløp til nasjonale pasientforløp. Samtidig startar eit arbeid for å vidareutvikle forløpa.

Evalueringar viser at forløpa har bidratt til auka merksemd på føreseielegheit og organisering i helsetenesta.

– Innhaldet i pakkeforløpa er gode, men evalueringane viser òg at det er utfordringar. Eg har derfor bedt Helsedirektoratet om å vidareutvikle forløpa. Målet er å styrke samhandlinga, betre kvalitet og brukarmedverknad, og gjere rapporteringa enklare for fagfolka, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Vil gå gjennom rapporterings- og målkrav

Tilbakemeldingar frå fagmiljøa tydar på at pakkeforløpa i nokre tilfelle har vore krevjande å innføre i ein pressa kvardag på grunn av nye krav og fleire rapporteringar.

– Når vi no skal vidareutvikle pasientforløpa, vil vi gå gjennom rapporterings- og målkrava med eit kritisk blikk. Vi vil òg sjå på korleis forløpa kan bli betre tilpassa til brukarane sine behov, seier Kjerkol.

Fase to av arbeidet startar opp

Det første som skjer er at namnet blir endra frå pakkeforløp psykisk helse og rus til nasjonale pasientforløp psykisk helse og rus.

Parallelt med namneendringa startar Helsedirektoratet fase to av arbeidet. I denne fasa skal innhald og innretting på dei sju nasjonale pasientforløpa psykisk helse og rus bli videreutvikla.

Dette arbeidet er planlagt ferdig hausten 2023.