Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Ekspertgruppe for skulebidrag leverer sluttrapport til kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Hausten 2019 sette regjeringa ned eit utval som skulle sjå på kva som er særskilt for skular som klarar å løfte elevanes resultat, og kva som skal til for at skular med lavt skulebidrag skal klare å bidra meir. No er utvalet ferdig med arbeidet sitt.

Skulebidrag er kor mykje skulane bidreg til elevanes resultat, når ein tar utdanningsnivået til foreldra, foreldras inntekt, innvandrarbakgrunn og elevanes føregåande resultat med i berekninga. 

Tid: Tysdag 4. mai kl. 15 – 16

Stad: Digitalt møte. Meld dykk på ved å sende e-post til cathrine.slaaen@kd.dep.no, så får dykk lenke.

 Digitalt program:

15.00 – 15.05:   Statsråden ønskjer velkommen

15.05 – 15.20:   Kort presentasjon frå ekspertgruppas leiar, Sølvi Lillejord

15.20 – 15.30    Statsråden takkar ekspertgruppa

15.30 – 15.40:   Førebudde kommentarar frå Utdanningsforbundet og KS 

15.40 – 15. 50:  Eventuelle kommentarar og innspel frå deltakarar

15.50 – 15.55:   Kommentar til innspela frå ekspertgruppas leiar

15.55 – 16.00:   KD takkar for møtet

Ved ønskje om å intervjue statsråden eller utvalets leiar i etterkant av møtet, ta kontakt med pressekontakt Cathrine Slaaen, mobil 97677247.