Presseinvitasjon:

Energikommisjonen legg fram sin rapport

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Onsdag 1. februar leverer Energikommisjonen sin rapport til olje- og energiminister Terje Aasland. Ei hovudoppgåve for kommisjonen har vore å vurdere kva som er dei grunnleggjande dilemmaa i norsk energipolitikk fram mot 2030 og 2050, og korleis ulike politiske val kan påverke den langsiktige utviklinga i norsk kraftforsyning.

Nett-tv Energikommisjonen legg fram sin rapport

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Energikommisjonen vart oppnemnd 11. februar 2022 og har vore leia av professor og tidlegare konkurransedirektør Lars Sørgard. Informasjon om mandat, medlemmer og innspel kommisjonen har fått finn du på Energikommisjonens nettside.

Tid: Onsdag 1. februar kl. 10.00. Dørene opnar kl. 09.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Stad: Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18.

Påmelding til info@oed.dep.no innan tysdag 31. januar kl. 16.00.

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til info@oed.dep.no med teksten «Energikommisjon» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til media som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no. Olje- og energidepartementet publiserer foto frå pressekonferansen på Flickr.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.