Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Signering av bymiljøavtale for Oslo og Akershus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Vi inviterer til pressetreff onsdag 25. januar kl. 09.00 hos Samferdselsdepartementet i høve signering av ein framforhandla bymiljøavtale mellom staten og Oslo kommune og Akershus fylkeskommune.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er til stades ved signeringa. For Oslo kommune signerer Lan Marie Berg, byråd for miljø og samferdsel, for Akershus fylkeskommune Tron Bamrud, fylkesrådmann. For staten signerer Elisabeth Enger, jernbanedirektør, Jernbanedirektoratet og Lars Aksnes, direktør, Statens vegvesen. Til stades er også fylkesordførar Anette Solli, Akershus fylkeskommune og byrådsleiar Raymond Johansen, Oslo kommune.

Bymiljøavtalen er forhandla fram av partane (Oslo kommune og Akershus fylkeskommune og staten ved Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet).

Før avtalen trer i kraft, skal den handsamast av regjeringa, Oslo bystyre og Akershus fylkeskommune.

- Vi er opptatt av å legge til rette for betre framkome i dei største byane våre. Gjennom satsing på betre infrastruktur for gåande, syklande og kollektivreisande gir vi folk eit godt alternativ til privatbilen samstundes som vi opprettheld eller forbetrar mobiliteten for folk flest. Bymiljøavtalar er eit viktig verkemiddel for å nå desse måla. Eg er glad for at ein bymiljøavtale med Oslo kommune og Akershus fylkeskommune no er i ferd med å kome på plass, seier Solvik-Olsen.

Oslopakke 3 er ein del av bymiljøavtalen. Avtalen skal gjelde i perioden 2017-2023 og inneber mellom anna at staten tek halvparten av kostnadane for Fornebubanen. Oslo kommune og Akershus fylkeskommune er ansvarlege for resten av kostnadane. Partane forpliktar seg til å arbeide for at arealet langs traseen til Fornebubanen vert utnytta i høg grad.

Pressetreff - tid og stad, påmelding

• Signering skjer på samferdselsministeren sitt møterom i R5, Akersgata 59 i Oslo onsdag 25. januar kl. 09.00. Oppmøte i resepsjon før 08.45.
• Presse som ønskjer å delta på signeringa må ta kontakt med kommunikasjonseininga i departementet for påmelding: sdinfo@sd.dep.no.
• Pressekontakt er senior kommunikasjonsrådgjevar Tor Livius Midtbø: 90 60 69 19