Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon: Samferdselsminister Hareide til Modum tysdag 15. september

Samferdselsminister Knut Arild Hareide besøker Modum kommune tysdag 15. september. Hareide skal delta på synfaring på riksveg 350 og bli orientert om samferdselsutfordringar og planar i området generelt.

Program

  • Kl. 12.30 – 13.00: Synfaringa på riksveg 350 startar i Åmot sentrum i Lilleåsgate 5. Kort stopp på Korketrekkeren (avkøyring Sigdal), og på avkøyringa Vikersund nord.

    Med på synfaringa er mellom anna Olav Skinnes, fylkesråd i Viken, Sunni Aamodt ordførar i Modum, Anne Kristine Normann, ordførar i Sigdal, Ole Johan Sandvand, leier av hovudutvalet for næring og samferdsel i Modum kommune og representantar for Statens vegvesen.

    Presse som vil delta, må av smittevernomsyn registrere seg på førehand til kontaktperson Ole Johan Sandvand -  mobil: 906 51 165.

  • Kl. 13.00 – 14.00: Møte på Frivillighetssentralen i Vikersund sentrum (Vikersundgata 1) med mellom anna ordførar i Modum, fylkesråd i Viken, Modum næringsråd og representantar frå Bane NOR. Tema er utvikling av kollektivknutepunkt og persontrafikk på Randsfjordbanen.

    Morten Austestad, styreleiar i Vikersund utvikling og direktør for utvikling i Bane NOR Eiendom, presenterer planar for                kollektivknutepunkt.

    Presse som vil delta, må av smittevernomsyn registrere seg på førehand til kontaktperson Ole Johan Sandvand – mobil: 906 51 165.

Pressekontakt for samferdselsminister Hareide er politisk rådgjevar Stig-Øyvind Blystad  – mobil: 918 47 226, e-post: [email protected].