Historisk arkiv

Offentleggjer tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 9. mai offentleggjer kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017.

Rapporten kjem kvart år og viser korleis utviklinga i norsk høgare utdanning er – både i statlege- og private universitet og høgskolar. 

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil trekke opp dei store linjene, og fortelje korleis det står til i høgare utdanning no samanlikna med tidlegare år. Representantar frå sektoren vil kommentere funna og peike på utfordringar. 

Det vil vere høve for pressa å intervjue kunnskapsministeren i samband med offentleggjeringa av Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017.  

Kontakt: Kommunikasjonssjef i Kunnskapsdepartementet Anne Kristin Hjukse, tlf.: 99 21 46 19, epost: Anne-Kristin.hjukse@kd.dep.no eller kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset, tlf.: 93 43 59 30, e-post: rask@kd.dep.no 

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo

Tid: Tysdag 9. mai klokka 09.30 – 11.00 

Offentleggjeringa av rapporten blir strøymd på regjeringen.no/kd og på Facebook/Kunnskapsdepartementet.

Nett-tv Lansering av Tilstandsrapporten for høyere utdanning 2017

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her