Presseinvitasjon

Pressekonferanse om fordrivne frå Ukraina

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) og arbeids- inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) inviterer til pressekonferanse tysdag 24. oktober om situasjonen med fordrivne frå Ukraina, mottak og busetjing.

Nett-tv Pressekonferanse om fordrivne frå Ukraina

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Direktørane i Utlendingsdirektoratet (UDI) og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi), Frode Forfang og Libe Rieber-Mohn, vil også vere til stades.

Stad:

Marmorhallen, Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Tid:

Tysdag 24. oktober klokka 12:00. Ta med gyldig pressekort / id.

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressemøtet kan sende inn spørsmål til JDinfo@jd.dep.no  med teksten «PK 24. oktober» i emnefeltet. Spørsmåla må vere oss i hende innan klokka 11.30 same dag.  Avsendaradressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.

Pressekontaktar:

For justis- og beredskapsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Bjørklund, mobil 412 86 911

For arbeids- og inkluderingsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Jonas Unstad, mobil 479 35 382

For UDI-direktør: Kommunikasjonsdirektør Ingeborg Grimsmo, mobil 945 07 615

For IMDi-direktør: Kommunikasjonsrådgjevar Anders Bortne, mobil 957 67 794

Om sendinga:  

Pressekonferansen blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.

Pressekonferansen blir også overført  på Facebook live.