Presseinformasjon

Program for FNs tryggingsråd i august

Arbeidsprogrammet for FNs tryggingsråd i august er klart. Denne månaden vert det mellom anna debatt om berekraftig fred i Afrika, det leggast opp til vedtak av fornya mandat for FN sin fredsbevarande styrke i Libanon (Unifil) og fornya mandat om Mali-sanksjonar.

Det er Kina som har presidentskapet i Tryggingsrådet i august. Sjå heile programmet på nettsida til FN. Det kan kome endringar i programmet.

Program

8. august Open debatt om fred og tryggleik i Afrika, kapasitetsbygging og berekraftig fred.
9. august Orientering om trusselen frå ISIL mot internasjonal fred og tryggleik
15. august Orientering og konsultasjonar om Jemen.
16. august Møte for land som bidreg med troppar i FNs fredsbevarande styrke i Libanon (Unifil).
17. august Konsultasjonar om FNs fredsbevarande styrke i Libanon (Unifil).
22. august Orientering om å fremje felles tryggleik gjennom dialog og samarbeid.
23. august Orientering om Den internasjonale straffedomstolen (ICC) sitt arbeid i Darfur, Sudan.
24. august Orientering og konsultasjonar om FNs politiske oppdrag i Libya (Unsmil). Orientering og konsultasjonar om sanksjonsregimet for Libya.
25. august Orientering og konsultasjonar om den israelsk-palestinske konflikten.
29. august Orientering og konsultasjonar om den politiske og humanitære situasjonen i Syria.
30. august Planlagt vedtak av fornya mandat for FNs fredsbevarande styrke i Libanon (Unifil). Planlagt vedtak av fornya mandat for Mali-sanksjonar. Konsultasjonar om kjemiske våpen i Syria. Konsultasjonar om sanksjonsregimet for Nord-Korea (1718-komitéen).

Korleis dekke møter i Tryggingsrådet

Pressetreff og opne møter går direkte på FNs nett-tv. Video kan du få i etterkant etter avtale. Bilde frå møta finn du på UN Photo / photolibrary@un.org. Du finn innlegg frå Noreg i Tryggingsrådet her.

Pressekontaktar

New York: Mariken Bruusgaard Harbitz, mariken.bruusgaard.harbitz@mfa.no, telefon +47 99 09 35 38.

Oslo: Ragnhild H. Simenstad, ragnhild.simenstad@mfa.no, telefon 91 71 74 59