Rapport om studentars motiv for val av studiestad

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fagleg interesse og yrkesmoglegheitene graden gir er dei viktigaste grunnane studentane har når dei vel studiestad i alle delar av landet, viser ein ny rapport. Ved lærestadene som i stor grad rekrutterer studentar frå eige fylke er også nærleik til heimen viktig.

– I desse dagar møter tusenar av nye studentar opp på sin studiestad spreidd rundt i heile landet. Forsking viser at mange studentar tar arbeid i regionen dei studerte. Ein desentralisert struktur for høgare utdanning er difor viktig for å sikre privat og offentleg sektor i regionen tilgang til kompetanse, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

NIFU har på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet analysert eksisterande data frå Studiebarometeret om kva motiv studentane har når dei skal velje studieprogram og lærestad. Dataa som blei samla inn i 2013 og 2014, er ikkje analyserte tidlegare.

Vel ut frå fagleg interesse

Studien viser at dei viktigaste grunnane studentane har når dei vel studiestad er fagleg interesse og yrkesmoglegheitene graden gir. Studiestaden sitt faglege omdømme er også viktig. 

Rapporten peikar på at sjølv om nærleik til studiestaden ikkje er eit tungtvegande motiv generelt, er det viktigare for kvinner enn for menn og for eldre studentar. Det er også viktig for dei lærestadene som i stor grad rekrutterer studentar frå eige fylke. Det er elles små geografiske skilnader blant studentane i Noreg når det kjem til kva motiv dei har for val av studiestad. Ei skilnad er at studentar i større byar oftare legg vekt på sjølve byen der lærestaden er plassert. 

Blir i dei store byane

Datamaterialet i rapporten manglar opplysningar om studentane sin heimstad eller karaktergrunnlaget deira. Distriktsdemografiutvalet viste at det særleg er studentar frå dei store byane som vel å studere på lærestader i eige fylke, medan studentar i resten av landet i større grad søkjer seg til lærestader i eit anna fylke.

– For å oppretthalde levande bygder og distriktsområde i framtida må fleire frå sentrale strok flytte og skaffe seg arbeid i distrikta. Vi treng difor meir kunnskap om kva som skal til for at fleire vel å studere og ta sin fyrste jobb utanfor dei store byane, seier Gjelsvik.

Les rapporten her.