Raskare saksbehandling frå Husleigetvistutvalet

Husleigetvistutvalet (HTU) har fått ei markant auke av innkomne saker, og saksbehandlingstida blir stadig lenger. – Sakene HTU behandlar gjeld bustaden og bu-situasjonen til folk. Då er det viktig med raske avgjersler. Vi tek derfor grep for å effektivisere saksbehandlinga i HTU, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

HTU behandlar tvistar om leige av bustad, både gjennom mekling og rettsleg bindande vedtak. Dei gir òg objektiv rettsrettleiing til leigetakarar og utleigarar om leige av bustad.

HTU har opplevd ei markant auke av innkomne saker dei siste åra. Frå å ta i mot 1783 saker i 2020 ligg HTU no an til å ta imot om lag 4000 saker i 2023. Dette utgjer ei auke på 124 prosent på tre år.

– Vi ser at den auka saksmengda gjer at saksbehandlingstida stadig blir lenger. Dersom vi ikkje gjer noko no vil det på sikt ikkje vere mogleg for HTU å ta unna sakene på ein forsvarleg måte. Dette vil gå ut over både leigetakarar og utleigarar som ventar på å få saka si behandla av HTU, seier Sande.

Det innførast derfor ei verdigrense på 150 000 kroner for saker som må behandlast med utvalsmedlemmar. Saker under verdigrensa kan saksleiar i HTU behandle aleine. Men dersom det er behov, kan saksleiaren framleis bringe desse sakene inn for fullt utval. Endringane trer i kraft allereie 1. januar 2024.

Direktør for HTU, Thomas Laurendz Bornø, er glad for endringane, og peiker på at dei er eit viktig bidrag for at HTU kan oppretthalde si verksemd som eit lågterskeltilbod, med kort saksbehandlingstid.

– Dei nye reglane balanserer omsynet til ei effektiv, men samtidig trygg og forsvarleg saksbehandling på ei god måte. Utvalet kan no fortsette sitt gode arbeid for å sikre at leigemarknaden er trygg for alle, oppsumerar Sande.