Regjeringa ber om innspel til tillitsreformarbeidet

Regjeringa har teke initiativ til å starte ei tillitsreform for offentleg sektor. Målet er betre tenester til folk over heile landet gjennom å satse på meir fagleg fridom til fyrstelinja i forvaltninga.

− Vi har fantastisk dyktige fagfolk som jobbar i offentleg sektor, men vi har også store utfordringar framfor oss. Mange stadar er det krevjande å rekruttere, og vi får fleire eldre og færre yrkesaktive. Dette utfordrar oss, og vi må tenke nytt og inspirere til innovasjon, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram.

I samband med oppstarten av arbeidet er det oppretta ei nettside kor innspel og idear til tillitsreforma kan sendast inn: Tillitsreform - regjeringen.no

− Dette er ei reform som vi skal utvikle saman. Vi vil legge til rette for at dei som veit kor skoen trykker skal få komme til ordet. Reforma skal utviklast nedanfrå og opp, seier Gram.

Den 18. januar gjennomførte kommunal- og distriktsministeren det fyrste innspelsmøte om tillitreforma med partane i arbeidslivet.