Regjeringa dekker delingskostandene for fylker og kommuner

Regjeringa leverer på lovnaden om å dekke kostnadane ved delinga av tvangssamanslåtte kommunar og fylker. - Det har vore viktig for regjeringa at dei fylka og kommunane som vert overkøyrd av Solberg-regjeringa skulle få høve til å gjenoppstå som sjølvstendige fylker og kommunar utan å bli straffa for det økonomisk, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Regjeringa foreslår i nysalderinga for 2023 at det løyvast 176,9 millionar kroner ekstra til kompensasjon for kostnadar ved deling av fylkeskommunar. 

- Vi har heile tida vore tydelege på at staten vil dekkja naudsynte, direkte eingongskostnadar til deling. Det gjer vi no, og regjeringa leverer dermed på lovnaden om å dekke kostnadene for delinga av dei tvangssamanslåtte kommunane og fylkeskommunane, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.  

Viken, Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark og Ålesund har søkt om kompensasjon for kostnadar som kjem i 2023 og 2024. Alle søkjarane har fått svar på søknadane, med atterhald om Stortinget sitt vedtak om løyving av midlar. Kompensasjonen til Ålesund er allereie utbetalt.  

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00 

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no