Regjeringa foreslår å auke satsane ved produksjonssvikt i jordbruket

Ekstremvêret Hans har ført til store utfordringar for mange bønder. Regjeringa vil derfor foreslå for Stortinget å auke satsane og tak for tilskot ved produksjonssvikt frå og med 2023.

Tilskot ved produksjonssvikt er ei ordning i jordbruksavtalen som skal hjelpe bønder i ein krevjande og uavklart situasjon. Føremålet er å redusere økonomiske tap som skuldast klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

I jordbruksoppgjeret i år blei partane einige om å innføre nye satsar frå 2024. For å hjelpe bønder som nå står i ein vanskeleg situasjon, vil regjeringa foreslå å innføre dei nye satsane allereie frå produksjonssesongen 2023. I tillegg foreslår regjeringa å heve taket for tilskot per vekstgruppe. Regjeringa har informert jordbruksorganisasjonane om dette i dag.

Kornåker under flomvann i Gudbrandsdalen.
Kornåker under flomvann i Gudbrandsdalen. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Vi foreslår å auke satsane og taket i ordninga for tilskot ved   Ordninga er ei viktig sikkerheit for bønder i områder som i sommar har blitt råka av både tørke og ekstremvêret Hans. Høgare satsar reduserer belastninga for dei bøndene som er råka, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Satsane vil auke med anslagsvis 6 prosent. Dei konkrete satsane skal bereknast av Landbruksdirektoratet og blir presentert seinare i haust. Eksisterande tak for grovfôr, korn og anna frø til modning er endra frå 750 000 kroner til 900 000 kroner og for frukt, bær, poteter og grønsaker frå 1,5 millionar kroner til 1,8 millionar kroner.

Flom i Gudbrandsdalen
Flom i Gudbrandsdalen. Foto: Landbruks- og matdepartementet