Regjeringa legg til rette for meir lokal sol- og vindkraftproduksjon
Pressemelding | Dato: 25.05.2023 | Energidepartementet
Regjeringa foreslår å klargjere konsesjonsgrensa for solkraft, og å endre konsesjonspliktreglane for vindkraft i område som allereie er utbygd. Målet med endringane er å forenkle og effektivisere konsesjonsbehandlinga av fornybar energiproduksjon og leggje til rette for meir lokal energiproduksjon.
– Me treng meir kraft, og me treng det raskt. Dette er eitt av grepa me vil ta for at det skal bli enklare å byggje ut lokal energiproduksjon. Det finst mange moglegheiter for å byggje ut kraft på område der det allereie er etablert annan infrastruktur, til dømes på industriområde. Det fører ikkje til nye naturinngrep og er ofte plassar med høgt forbruk i tillegg. Så no klargjer me grensa for solkraftproduksjon og gjer det lettare å byggje ut meir vindkraft i nettopp industriområde og andre liknande område, seier olje- og energiminister Terje Aasland.
I dag er det spenningsnivået på det elektriske anlegget som avgjer om bakkemontert solkraft er konsesjonspliktig. Det fører til at anlegg med like fysiske dimensjonar og same miljøverknader ikkje nødvendigvis blir behandla likt. Dette er uføreseieleg og regjeringa vil no starte arbeidet med å tydeleggjere grensa for konsesjonsplikt for solkraft. Ei effektgrense på 1 MWp (megawatt peak) kan vere naturleg, men det skal også vurderast om grensa kan setjast høgare, eller om det er andre tiltak som kan gi raskare utbygging av solkraft.
Konsesjonspliktige bakkemonterte solkraftverk har mange trekk til felles med vindkraftanlegg når det gjeld arealbruk. Det skal derfor vurderast om også konsesjonspliktige bakkemonterte solkraftverk bør underleggjast det same regelverket som no er foreslått for vindkraft, med behandling etter plan- og bygningslova.
Vindkraftverk på land er i dag konsesjonspliktig dersom anlegget har meir enn fem turbinar eller har ein installert effekt på over 1 MW. Regjeringa vil leggje fram ei lovendring som opnar for å vurdere om mindre energianlegg for solkraft og vindkraft på industri- og næringsområde, som i dag er konsesjonspliktige, kan få fritak frå konsesjonsplikt. I ei slik ordning vil Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vurdere om det er spesielle omsyn som tilseier at anlegget likevel bør konsesjonsbehandlast, eller om søknaden kan behandlast av kommunen etter plan- og bygningslova.
– Med dette grepet kan me få lokal energiproduksjon raskare på plass, samtidig som me vil frigjere ressursar hos NVE til bruk på større og meir krevjande saker. Ei slik endring vil gi kommunane auka myndigheit og betre høve til å sjå forbruk og produksjon i samanheng ved regulering av nye nærings- og industriområde, seier Aasland.