Regjeringa opprettar minnepris til ære for Kim Friele

– Denne prisen skal heidre og føre vidare Kim Frieles innsats for skeive og for menneskerettar. Den skal synleggjera kor viktig ho har vore for landet vårt, og løfte fram aktivistar som arbeider i hennar ånd her i Noreg eller internasjonalt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Portrett av Kim Friele
Kim Friele Foto: Jo Hjelle/Skeivt arkiv

28. juni lanserte regjeringa ein pris som skal delast ut årleg til ein person, institusjon, gruppe eller organisasjon som har vist stor innsats og engasjement for skeive og for menneskerettar.

– Kim Friele er rekna som ein av dei viktigaste og mest kjende forkjemparane for skeives frigjering og rettar i Noreg. Ho var avgjerande i kampen om avkriminaliseringa av homofili i 1972, og leidde den største skeive organisasjonen i landet i mange år, seier Jaffery.

Prisen vil delast ut kvart år under Oslo Pride. Første tildeling blir i 2024.

– Fram til sin bortgang i 2021 var Friele ein aktiv samfunnsdebattant med brennande engasjement for skeive, og for menneskerettar generelt. Ho gjekk føre på eit tidspunkt då det var kriminelt å vere skeiv, og er ein av dei som har gjort mest for likestillinga i Noreg, seier Jaffery.

Føremålet med prisen er å anerkjenne arbeidet mottakaren gjer for å betre skeives situasjon. Saman med prisen vil mottakaren få eit økonomisk bidrag som skal støtte opp under arbeidet. Ein jury utnemnt av Kultur- og likestillingsdepartementet vil dele ut prisen.

– Takka vere aktivistar som Kim Friele, bevega situasjonen for skeive seg i mange år i positiv retning, også internasjonalt. Det er dessverre ikkje lenger tilfellet. Over heile verda ser vi auke i hets, trugsmål og diskriminering av skeive, og i mange land blir menneskerettane til skeive innskrenka, seier Jaffery.

Regjeringa har som mål at Noreg skal vere pådrivar for skeives rettar internasjonalt, og at skeive blir verna mot diskriminering, forfølging og overgrep.

– Kim Friele skal ha uttalt at «mot er ei bølgje som riv alle med seg, også dei som ikkje tør». Friele var den bølgja her i Noreg. Minneprisen skal gå til dei som er med på å skape slike bølgjer, seier Lubna Jaffery.