Regjeringa vil gi raskare hjelp til folk med gjeldsproblem

Dei økonomiske tidene er usikre, og mange har ein sårbar økonomi på grunn av for mykje gjeld. Gjeldsordningslova har lenge vore eit viktig reiskap for å hjelpe dei som slit med gjeldsproblem. No vil regjeringa gjere lova betre og føreslår endringar som vil gi raskare og betre hjelp til dei som slit med stor og håplaus gjeld.

– Vi vil at personar med store gjeldsproblem skal få hjelp raskare enn i dag. Derfor vil vi fjerne nokre krav i dagens lov som har gjort at prosessar har tatt for lang tid, og som i mange tilfelle òg har vist seg unødvendige, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Regjeringa legg no fram ein lovproposisjon, der ein foreslår å ta bort dagens krav om at den som skal søke om ei gjeldsordning først må ha prøvd å løyse saka på eiga hand.

Dette kravet gjer at mange ber om hjelp til eit slikt eige forsøk hos økonomiske rådgjevarar på Nav-kontora, noko som kan ta tid, og forsinke saka mykje. Det har dessutan vist seg at få saker lar seg løyse på denne måten. Med denne endringa vil personar som ønsker hjelp med gjelda si gå direkte til namsmannen og få hjelp med ein gong.

Regjeringa vil også gjere det enklare å få innvilga gjeldsordningar over kortare tid enn fem år, som er hovedregelen i dag. For mange i høg alder eller for dei som slit med ulike sosiale problem kan fem år vere lang tid, og regjeringa ønskjer å lette byrden for desse gruppene.

Samstundes vil regjeringa òg fjerne den moglegheita kreditorane i dag har til få del i auka inntekt, arv eller anna auke i formue som skyldnaren mottek i dei fyrste to åra etter at gjeldsordninga er ferdig. Denne ordninga har skapt usikkerheit hos mange som har gått gjennom ei gjeldsordning.

Eit viktig tiltak for dei som slit mest

Gjeldsproblem heng saman med utfordringar som arbeidsløyse, fattigdom og låg inntekt. Å ha ordningar som er tilpassa økonomiske endringar i samfunnet er viktig for eit velferdssamfunn. Ein tilgjengeleg gjeldsordningslov som kan løyse gjeldsproblem er eit slikt tiltak.

– Som forbrukarminister er eg bekymra for ei auke i betalingsproblem om prisane fortset å stige og renta blir liggjande på eit høgt nivå. Eg er særleg bekymra for dei som har høg gjeld i forhold til inntekta og dei som har låg inntekt og høge utgifter. Difor foreslår eg no nye lovendringer som skal betre ei viktig ordning, seier Toppe.

Ingen auke i gjeldsordningar så langt

Gjeldsordningslova har no virka i 31 år, og det er i løpet av denne tida opna for gjeldsforhandlingar for over 75 000 personar. Årleg får mellom 2000 til 2500 personar gjeldsordning.

Sjølv om mange sårbare grupper er ramma hardt av auka priser, har det ikkje vore ei auke i søknader om gjeldsordning. I 2023 var det færre søkarar om gjeldsordning enn på lenge. Men om den økonomiske situasjonen med prisauke og høge renter varer ved, er det grunn til å tro at talet på søknader vil stige noko på sikt.

– Eg er bekymra for at mange ikkje kjenner godt nok til denne ordninga. Eg vil oppfordre alle som slit med alvorleg gjeld som ein ikkje klarar å takle, å søke hjelp hos namsmannen for å kunne få ei gjeldsordning. Slik kan ein få hjelp til få orden på eigen økonomi. Det er flott at denne ordninga no blir betre tilgjengeleg, prosessen skal ta kortare tid og den skal bli enno meir tilpassa utsette grupper i samfunnet, seier Toppe.

Les: Prop. 67 L (2023–2024) Endringer i gjeldsordningsloven mv. (effektivisering og forenkling av gjeldsordningsprosessen)