Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa vil ha betre tilsyn med daglegvaremarknaden

Regjeringa vil løyve 6,5 millionar kroner til etablering av eit daglegvaretilsyn. I tillegg foreslår regjeringa å setje av 8,5 millionar kroner til arbeidet med daglegvare i Konkurransetilsynet.

– Konkurranseforholda i daglegvaremarknaden er utfordrande, med få og dominerande aktørar, noko som gjer det vanskeleg for nye aktørar å etablere seg. Mat og daglegvarer betyr mykje for forbrukarane, noko som gjer at det er viktig å ha kontinuerleg merksemd på konkurranseforholda, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa vil løyve 6,5 millionar kronar til eit nytt dagligvaretilsyn

Stortinget vedtok lova om god handelsskikk i mars 2020. Regjeringa vil setje av 6,5 millionar til eit daglegvaretilsyn som skal handheve lova.

– Loven er ikkje meint å svekkje forhandlingsmakten til daglegvarekjedene. Tvert imot, vi vil leggje til rette for meir effektive forhandlingar og kontraktar mellom daglegvarekjeder og leverandørar. Tøffe forhandlingar, der kjedene legg press på leverandørane, er viktig for innovasjon og lågare priser, til fordel for forbrukarane, seier næringsminister Nybø.

Daglegvaretilsynet skal etter planen etablerast frå 1. januar 2021 og samlokaliserast med Forbrukartilsynet i Grenland. 

Følgjer opp lovnad om ei permanent styrking av Konkurransetilsynet sitt arbeid mot daglegvarebransjen

Dei siste to åra har Konkurransetilsynet blitt tilført 6,5 millionar kroner og 8,5 millionar kroner for å styrkje handhevinga av konkurranselova i daglegvarebransjen. Eitt av tiltaka i Stortingsmeldinga "Daglegvare og konkurranse - kampen om kundane" er å innføre ei permanent satsing på daglegvare i Konkurransetilsynet.  

– Det er viktig at daglegvaresatsinga ikkje går ut over arbeidet til Konkurransetilsynet i andre marknader og sektorar. Regjeringa foreslår difor at styrkinga av Konkurransetilsynet vidareførast, seier næringsministeren.

Med denne satsinga kan Konkurransetilsynet oppretthalde den styrka handhevinga av konkurranselova, auke marknadsovervakinga og vurdere fleire tiltak som kan føre til meir konkurranse.

Andre viktige tiltak som er foreslått i stortingsmeldinga er å auke kontrollen av innkjøpsprisane, gjennom årlege kartleggingar. Regjeringa tek vidare sikte på å innføre krav om grunngjeving frå leverandørar som opererer med store skilnader i innkjøpsprisar.

I tillegg er det foreslått tiltak som mellom anna skal lette tilgangen til attraktive butikklokale.