Regjeringa vil legge til rette for trygg utvikling i lokalsamfunn utsett for naturfare

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Frå 1. september kjem det nye reglar som gjer det enklare å utvikle område utsette for flodbølge som følge av fjellskred. – Endringane er viktige for å kunne oppretthalde verdiskaping, utvikling og levedyktige lokalsamfunn i fareområder, samtidig som personsikkerheita vert ivaretatt, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

I nokre tilfelle har dagens regelverk ført til stans for investeringar i og utvikling av lokalsamfunn. Endringane som vert gjeldande frå 1. september, inneber mellom anna at ein kan få unntak frå byggerestriksjonar i område utsette for flodbølge, der personsikkerheita er sikra ved eit beredskapssystem med periodisk overvaking. Tidlegare har det berre vore mogleg å få unntak dersom NVE overvakar området kontinuerleg.

– Vi får stadig meir og betre kunnskap om fjellskredfaren i ulike delar av landet, og samstundes meir moderne verktøy for å overvake utsette område og raskt varsle ved konkrete hendingar. Det er rom for å mjuke opp regelverket og tilpasse det ei ny tid, seier Gjelsvik.

Den andre endringa er at storulykkeverksemder, altså verksemder som handterer farlege kjemikaliar, ikkje lenger er omfatta av eit totalforbod mot vidare utvikling. Føresetnaden er at det er gjort ei risikovurdering som viser at det er forsvarleg.

– Denne endringa legg mellom anna til rette for nye, store industriinvesteringar i nokre av dei utsette områda. Dette er særleg viktig for lokalsamfunna det gjeld og ikkje minst for samfunnet som heilskap, seier Gjelsvik.

Om personsikkerheita er sikra gjennom overvaking, vil det no også vere mogleg å plassere mellombelse brakkeriggar som er nødvendige i samband med bygge- og anleggsarbeid, utan søknad og dispensasjon. Slike bygg er plassert i faresona i så kort tid at risikoen er minimal.

– Vi treng eit regelverk som balanserer personsikkerheit og utvikling i lokalsamfunna på ein god måte. Då er det avgjerande at byggereglane gjenspeglar ny kunnskap. Endringane som no er vedtatt, er difor eit viktig første skritt, seier Gjelsvik.

Departementet er i gang med å evaluere heilskapen i reglane som gjeld for bygging i faresoner for fjellskred. Målet er å få på plass forslag til fleire endringar etter kvart.

– Eg er glad for at mange brukte høyringa både til å fortelje om korleis regelverket slår ut for dei, og til å gi gode innspel til korleis regelverket kan bli betre. Dette er nyttig for oss i det vidare arbeidet, som vi har høgt trykk på, seier Gjelsvik.

Forskrifta finn du her

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00