Regjeringa vil tillata sjukmelding etter e-konsultasjon

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Etter dagens ordinære regelverk må personar med behov for sjukmelding ha ein personleg, fysisk undersøking hos legen. Regjeringa vil opna for at legar kan skriva sjukmelding basert på elektronisk konsultasjon.

Nærbilde av en mann som ser på en dataskjerm der en lege gir e-konsultasjon.
Foto: Maskot/ NTB

– E-konsultasjon er effektivt og fleksibelt for både pasientar og fastlegar. No kan pasientar som legen allereie kjenner godt sleppa å reisa til eit legekontor, noko som kan opplevast som ei unødig byrde når ein er sjuk, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Dei siste to åra har bruken av e-konsultasjon i helsetenestene auka. Under pandemien vart det mellombels opna for at også sjukmelding kan givast utan personleg oppmøte hos legen.

– Både NAV og helsetenestene har gitt uttrykk for positive erfaringar med e-konsultasjon, som kan gjerast over telefon, video eller skriftleg kontakt. Derfor vil me gjera ordninga permanent, seier Mjøs Persen.

Pasienten må vera kjend for legen

For å avgrensa risikoen for at sjukmelding blir gitt på feil grunnlag er det i lovproposisjonen som no blir sendt Stortinget sett opp fire vilkår:

  • Pasienten er kjend for legen.
  • Diagnosen til pasienten er kjend for legen.
  • Legen kan vurdera arbeidsevna til pasienten utan fysisk undersøking.
  • Legen reknar at det er fagleg forsvarleg å gjennomføra konsultasjonen som ein e-konsultasjon.

I tillegg blir eit særleg unntak foreslått knytt til fare for smitte med allmennfarleg smittsam sjukdom ved fysisk oppmøte.

– Dette vil gjera det enklare ved forlengingar og ved komplikasjonar for dei med kroniske lidingar, seier Mjøs Persen.

Rene nettbaserte helsetenester vil ikkje kunna skriva sjukmelding, fordi det i kravet om at pasienten skal vera kjent for legen ligg ein føresetnad om at pasienten tidlegare har vore til fysisk konsultasjon.