Rekruttering av fleire samisklærarar på dagsordenen i neste stortingsmelding om samisk språk, kultur og samfunnsliv

Mangelen på kompetanse i samisk språk og kultur er noko vi må ta på alvor. Regjeringa har derfor bestemt at den neste stortingsmeldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv skal handle om rekruttering og kompetanse. Her vil regjeringa sjå nærare på barnehagar, grunnopplæringa og høgre utdanning.

–Tilgang på personell som kan samisk og har kunnskap om samisk kultur er heilt avgjerande for livskrafta til samisk språk og kultur i åra som kjem. Det er òg avgjerande for rettstryggleiken til samiske borgarar i møte med tenesteapparatet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Språkutvalet, Riksrevisjonen og forskingsinstituttet NORCE syner alle til at det er særleg stor mangel på samisklærarar. Den låge rekrutteringa til lærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga og lekkasjen av lærarar til andre yrke er ein del av utfordringa. Og det mest alvorlege er det store tapet av elevar frå samiskundervisninga, ein utvikling vi må snu for å sikre fagkompetanse i framtida.

– Eg ser fram til det viktige arbeidet regjeringa no tar fatt på saman med Sametinget. Vi treng at fleire elevar vel samisk og at fleire fullfører vidaregåande opplæring med samisk. Vi treng òg at fleire tek lærarutdanning. Kvalifiserte samisklærarar er ein føresetnad for å sikre samiske barn eit godt pedagogisk tilbod i barnehagen og i skulen. Slik kan vi også på sikt lukkast med å auke rekrutteringsgrunnlaget til andre typar utdanningar og yrke der det er behov for kompetanse i samisk språk og kultur, seier kunnskapsminister Tonje Brenna.