Rettleiing om utrekning av primærenergibehov i bygningar og energirammer for nesten nullenergibygningar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet har laga ei rettleiing om energirammer for nesten nullenergibygg og primærenergibehov.

Rettleiinga er utarbeidd i samband med bygningsenergidirektivet (Direktiv 2010/31/EU av 19. mai 2010 om energiyting til bygningar) og taksonomien for berekraftig økonomisk aktivitet. Direktivet og enkelte kriterium i taksonomien er knytte opp mot primærenergibehovet i bygningar, medan energikrav i byggteknisk forskrift (TEK17) og andre verkemiddel på energiområdet i Noreg ikkje nyttar primærenergi.

Rettleiinga avklarar kva primærenergifaktorar som er relevante ved utrekning av energibehov og energirammene for nesten nullenergibygningar, målt i primærenergi.

Rettleiinga kan nyttast ved vurderingar om ein aktivitet oppfyller kriteria i taksonomien for aktivitetane «Oppføring av nye bygninger» og «Renovering av eksisterende bygninger».

For målet om reduksjon av klimagassutslepp for aktiviteten «Anskaffelse og eierskap av bygninger» i taksonomien, er det eit kriterium at bygget har energimerke A. For målet om klimatilpassing må bygget ha energimerke C eller betre. Alternativt må bygget vere blant dei høvesvis 15 og 30 prosent beste i den nasjonale eller regionale bygningsmassen uttrykt som primærenergibehov. Finansdepartementet vil saman med andre departement vurdere kva metode som kan brukast for å identifisere kva for bygg som er blant dei 15 og 30 prosent beste i Noreg.

 

Les rettleiinga her(PDF)

For meir informasjon om taksonomien, sjå: Taksonomien for bærekraftig økonomisk aktivitet - regjeringen.no