Historisk arkiv

Revidering av regelverk for gjennomføring av sykkelritt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for ei smidig gjennomføring av norske sykkelritt. Samstundes må tryggleiken bli varetatt for både deltakarar og andre trafikantar. Samferdselsdepartementet tek difor initiativ til å etablere ei arbeidsgruppe, der Vegdirektoratet, politiet og aktuelle sykkelorganisasjonar skal vere med. Arbeidsgruppa skal utarbeide forslag til naudsynte regelverksendringar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa vil med dette følgje opp vedtaka som Stortinget nyleg fatta om gjennomføring av sykkelritt i Noreg. Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet om å etablere og leie arbeidsgruppa.

- Samstundes som eg ser fram til å få tilrådingane frå arbeidsgruppa, må vi samarbeide om ei god gjennomføring av årets ritt ut i frå regelverket vi har i dag. Vi føreset difor at arrangørar og styresmakter legg til rette for det i lag, og at praktiseringa av regelverket blir gjennomført mest mogleg einsarta over heile landet, seier samferdselsministeren.

 For fleire opplysningar – mellom anna vedtaka frå Stortinget - sjå:

  • Brev frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet

Sjå bilete frå møte med representantar frå mellom anna Samferdselsdepartementet og Cykleforbundet om sykkelritt på Flikr-sida til departementet