Samarbeidsavtale med KS:

Saman om å styrke digital samhandling og raskare innføring av helseteknologi

Regjeringa og KS inngår ein samarbeidsavtale om digitalisering i helse- og omsorgstenestene. – Vi treng ein felles innsats for å hjelpe kommunane i ei heilt nødvendig digital omstilling. Derfor er eg glad for å ha KS med på laget, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Avtalen inneheld ei rekke punkt om korleis KS og Helse- og omsorgsdepartementet skal legge til rette for at digitale løysingar og helseteknologi blir prioritert og er koordinert i fellesskap mellom departementet og KS.

Føresetnader for gode helsetenester

Digital samhandling og helseteknologi er føresetnader for gode helse- og omsorgstenester, og er viktige for å møte dei demografiske utfordringane i framtida. Det inneber at digitalisering blir ein integrert del av helse- og omsorgstenesta.

– Digital samhandling skal bidra til at helsepersonell får tilgang til relevant, oppdatert og korrekt informasjon om pasienten, slik at dei kan gi best mogleg behandling og pleie og bruke mindre tid til å leite etter informasjon, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Regjeringa skriv i Nasjonal helse- og samhandlingsplan at hovudansvaret for digitalisering ligg hjå aktørane sjølve.

– Mykje av digitaliseringa vi legg til rette for skjer litt om litt i dei 357 ulike kommunane i landet. Dette har vi lagt til rette for med helseteknologiordninga, som ei rekke kommunar har nytta seg av. Derfor er det også viktig for oss å ha med KS på laget, seier Kjerkol.

Dette vil KS gjere

Avtalen inneber mellom anna at KS vil utarbeide eit felles vegkart med ambisjonar, planar og prioriteringar for innføring av nasjonale løysingar for e-helse i kommunal sektor.

– Skal digitaliseringa vere vellykka er det viktig at aktivitetar for innføring blir prioritert og koordinert i fellesskap, seier Kjerkol.

– At KS lagar eit slikt vegkart med tydelege prioriteringar passar svært godt med e-helsestrategien til regjeringa som nettopp går ut på å teste ut smått og skalere opp det som fungerer. Her kan KS bidra til å gi draghjelp og merksemd til det som går bra, seier helse- og omsorgsministeren.

Som ein del av avtalen skal KS også samordne felles satsingar i kommunal sektor, som inkluderer felles journalløft og velferdsteknologiområdet.

Fleire av tilskota kommunane blei tildelte i første runde av helseteknologiordninga gjekk til nettopp desse to områda.

Kva inneber avtalen for KS?

I avtalen vil KS mellom anna:

  • Utarbeide felles vegkart, ambisjonar, planar og prioriteringar for utvikling, innføring og utbreiing av nasjonale løysingar for e-helse og andre digitale løysingar for samhandling i kommunal sektor.
  • Representere sektoren og deira interesser overfor staten og andre nasjonale aktørar, og vareta oppnemning frå sektoren til råd, utval og nasjonale prosjekt innan digitalisering.
  • Vareta og vidareutvikle samordnings- og samstyringsstrukturen for digitalisering og smart bruk av teknologi i kommunal sektor i samarbeid med regionale digitaliseringsnettverk.
  • Bidra med metodikk og modellar for gevinstrealisering, digital transformasjon og kompetanseheving i kommunale helse- og omsorgstenester.
  • Samarbeide med staten og næringslivet om utvikling av felles modellar, metodikk og plattformar for sertifisering, normeringsarbeid og standardar for leverandørmarknaden innan journal- og velferdsteknologiområdet.

Dette vil departementet gjere

Som ein overordna myndigheit vil det vere viktig for Helse- og omsorgsdepartementet å vere tydeleg på kva aktørane sitt ansvar er.

– For å få dei gode pasientforløpa må dei ulike ledda i vår felles helseteneste vite kva som ligg til dei å gjere. Der skal vi frå departementet si side gi fortløpande avklaringar, seier helse- og omsorgsministeren.

Ho viser også til at departementet vil støtte KS sine nettverk for innføring i tenestene.

– Fagfolka våre må ta eigarskap og aller helst vere ein heiagjeng for at innføring av dei ulike e-helseløysingane går bra. Innføringsnettverka til KS spelar ei svært viktig rolle her, og eg er takknemleg for at KS tar på seg denne viktige innføringsrolla.

Kva inneber avtalen for Helse- og omsorgsdepartementet?

I avtalen vil Helse- og omsorgsdepartementet mellom anna:

  • Følge opp prioriteringane i Nasjonal helse- og samhandlingsplan. Det inkluderer mellom anna å støtte det lokale ansvaret for anskaffing og innføring av digitale løysingar gjennom helseteknologiordninga.
  • Bidra til at nasjonale løysingar for e-helse støtter behova til helsepersonell og legg til rette for at ein ser gevinstar til dømes i form av spart tid.
  • Vere tydeleg på kva aktørane sitt ansvar og oppgåver for dei ulike områda innan samhandling er.
  • Bidra med tilskot til KS sine nettverk for innføring i tenestene. Desse innføringsnettverka sørger for at fagfolka ute i tenestene får opplæring i dei ulike løysingane som blir innført.
  • Viss det blir meir kostbart med forvaltning og drift, skal departementet synleggjere dette og behandle det i den nasjonale rådmodellen for e-helse.