Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen: Klart for Førdepakken

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Førdepakken skal gje betre og tryggare trafikksituasjon i Førde sentrum, for bilistar, kollektivtransport, gåande og syklande. Forbetringane kjem både gjennomgangstrafikken og lokal trafikk til gode.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i samband med eit  forslag frå regjeringa om utbygging og finansiering av Førdepakken i Førde kommune i Sogn og Fjordane.

Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.

Førdepakken omfattar 20 prosjekt og tiltak på riksveg, fylkesveg og kommunal veg, mellom anna desse:

  • Bygging av 550 meter ny fylkesveg på strekninga Angedalsvegen – Hafstadvegen. Prosjektet omfattar ny veg og bru over Jølstra, med tilrettelegging for gang- og sykkeltrafikk.
  • Prosjektet "Fylkesveg 481 Angedalsvegen:  Førdehuset – Prestfossbrua -  Skora" har ei samla lengd på 2,8 kilometer og vil gi ein betre og tryggare trasé for gåande og syklande. Tiltaka vil også lette tilkomsten til Førde sentralsjukehus.
  • Prosjektet "E39/riksveg 5 Fjellvegen som hovudgate": Omfattar ei strekning på om lag ein kilometer i Hafstadvegen, frå avkøyrsla til Naustdalsvegen og fram til E39. Strekninga blir utvida med breiare køyrefelt og sykkelfelt på begge sider av vegen.
  • Ny fylkesveg på den vel 500 meter lange strekninga Halbrendsøya – Øyrane. Prosjektet omfattar ny bru over Jølstra og tilkopling til eksisterande kommunal veg med samband til rundkøyring og riksveg 5, med fortau på begge sider av vegen.
  • 100 millionar kroner er sett av til uspesifiserte sentrumstiltak. Det er lagt opp til at midlane blir nytta til gang- og sykkelvegar og mindre utbetringar.   

 Økonomisk ramme -  1,65 milliardar kroner
Førdepakken  har ei samla økonomisk ramme på om lag 1,65 milliardar 2015-kroner. I tråd med tidlegare lokalpolitiske vedtak skal pakken finansierast ved ein kombinasjon av bompengar og statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar.

Rentekompensasjon for bompengelån – skal komme trafikantane til gode
- Førdepakken vil kunne få fordel av bompengereforma som regjeringa har lagt fram. I  reforma  er det foreslått at staten tar ein del av renteutgiftene i lånefinansierte bompengeprosjekt. Regjeringa legg vidare opp til ei omorganisering frå dagens mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. Dermed bidrar vi til at meir av bompengane går til vegformål og mindre til administrasjon og finansiering, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

For fleire opplysningar og kartskisse - sjå: