Samferdselsministerens påsketur: På sykkel og tog, i Nederland og Sveits

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vi skal lære av dei beste. Difor reiser eg no til Nederland for å sjå på sykkelsatsinga der, og til Sveits for å finne ut meir om kvifor landet har lukkast så godt med organiseringa av togtilbodet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. 

Onsdag 1. april reiser samferdselsministeren til sykkelbyen Utrecht i Nederland og skjærtorsdag 2. april tek han toget frå Zürich til Bern, der han møter representantar frå transportstyresmaktene og frå jernbaneselskap.

- Regjeringa vil leggje betre til rette for dei som ønskjer å sykle. Særleg i byområda treng vi tiltak som er målretta og på premissane til syklistane. Utrecht er ein by som kan vise til mykje god innsats for syklistane, og eg vil lytte til dei som har ansvaret for sykkelpolitikken der. Og sjølvsagt vil eg sykle rundt og oppleve sykkelkvardagen i denne byen.

- I Sveits skal eg møte fagfolk både frå transportdepartementet og frå det statlege jernbaneselskapet. Det sveitsarane har lukkast særleg godt med, er langtidsplanlegginga. Robust infrastruktur og gode ruteopplegg er avgjerande for togtilbodet. Regjeringa arbeider med ein omfattande jernbanereform, og eg ser fram til å få kunnskap og inspirasjon med meg inn i det arbeidet, seier Solvik-Olsen.

Samferdselsministeren har tidlegare møtt den sveitsiske transportministeren i Norge, og ambassadørane frå Nederland og Sveits. I desse samtalane har utfordringar og ulike løysingar innan transportområdet vore tema.

- Eg har hatt stort utbytte av å køyre E6, E18, strekninga Oslo-Bergen og ulike togstrekningar her i Norge saman med mine næraste medarbeidarar. Det er lærerikt å sjå ting med eigne auge, og det ser eg fram til å få gjort no også.